Semesters

NF101-510KFK Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)

Course code: 
NF101-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført lærarutdanning

Course content

Undervisninga i Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK), saman med Naturfag 1 - Biologi og geofag (NF102-510KFK), tek sikte på å gje studentane eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen. Emnet tek for seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske emne.

Faglege tema:

  • fysikk: elektrisitet, energi og varmelære, bølgjer, lys og lyd
  • kjemi: grunnleggande kjemiske omgrep og atomteori, bindingar og formlar, eigenskapar hos stoff, kjemiske reaksjonar, reaksjonsfart og likevekt, syrer og basar, redokskjemi, organisk kjemi

Fagdidaktiske tema:

  • læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema
  • bruk av modellar i naturvitskap og naturfagundervisning
  • vurdering av medieinnhald med relevans for naturfagundervisning
  • planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
  • kritisk vurdering av naturfaglege tema slik dei verte framstilte i samfunn og media
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • skal vise faglege og fagdidaktiske kunnskapar i grunnleggande naturvitskaplege tema innan fysikk og kjemi
  • skal vise kunnskap om å gje teoretisk og praktisk undervisning i skulefaget naturfag med støtte i fagkunnskap, fagdidaktisk kunnskap og læreplan
  • skal vise kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
Learning outcome skills

Studenten

  • skal vise generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema innan fysikk og kjemi
  • skal vise ferdigheiter i å gje praktisk og teoretisk undervisning i skulefaget naturfag
  • skal øve opp evna til å knytte naturfaget til elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplan
  • skal vise ferdigheiter og fagleg refleksjon i bruk av eit mangfald av læremiddel og digitale læringsressursar
  • skal vise kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium
Learning outcome qualification

Studenten

  • skal vise evne til fagleg basert kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
  • skal vise evne til refleksjon omkring elevar sitt forhold til fysikk og kjemi i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å utvikle og gjennomføre naturfagundervisning basert på fagleg og fagdidaktisk kunnskap samt gjeldande læreplan
  • skal vise evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning
Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga vert gjeve via internett. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesningar kan verte gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav:

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • oppnå stått på to digitale forprøver før dei praktiske øvingane
  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar der minst eitt er nært knytt til eigen undervisningspraksis
  • levere ein samlerapport frå anna laboratoriearbeid

For å få lov til å delta i obligatoriske laboratorie-øvingar skal studenten før kvar samling gjennomføre og få godkjent ei kunnskapsprøve (fleirvalsprøve i Canvas). Det vert gitt to forsøk.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Øyvind A. Schnell
Costs

Ingen

Expenses

Ingen

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.
Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.
Approval signature: 
Anne Øie