Semesters
NF101B Naturfag - Fysikk og kjemi (1-7)
Ingen.
Undervisninga i NF101B, saman med NF102B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, periodesystemet, kjemiske bindingar, kjemiske reaksjonar og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
- kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
- kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
- kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
- Kunnskap om atomteoriar, periodesystemet og bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff
- kunnskap om kjemiske bindingar og kjemiske reaksjonar
- kunnskap om kjemisk likevekt og syrer og baser
- kunnskap om varme, uorden og spontanitet.
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobba utforskande
- gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 2 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6 og § 6-7.
Arbeidskrav
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå to laboratorieøvingar
- samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 9-4.
Ingen.
Ingen.
- Natural Sciences for Teachers 1, Grades 1-7
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått |