Semesters

NF102-510KFK Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)

Course code: 
NF102-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført lærarutdanning. Byggjer på kunnskapar tilsvarande Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK), som kan takast parallelt.

Course content

Undervisninga i Naturfag 1 - Biologi og geofag (NF102-510KFK), saman med Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK), tek sikte på å gje studentane eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen. Emnet tek for seg tema innan biologi og geofag, samt nokre naturfagdidaktiske emne.

Faglege tema:

  • biologi: biologisystematikk, generell økologi og biotoplære, cellebiologi, oppbygging og funksjon hos plantar og dyr, fossilar og evolusjon, artskunnskap
  • geofag: oppbygnad av og prosessar i Jorda, bergartar og mineralar, geofysikk med meteorologi

Fagdidaktiske tema:

  • planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
  • læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema
  • kritisk vurdering av naturfaglege tema slik dei verte framstilte i samfunn og media
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • skal vise faglege og fagdidaktiske kunnskapar i grunnleggande naturvitskaplege tema innan biologi og geofag
  • skal vise kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag med støtte i fagkunnskap, fagdidaktisk kunnskap og læreplan
Learning outcome skills

Studenten

  • skal vise generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema innan biologi og geofag
  • skal vise ferdigheiter i å gje praktisk og teoretisk undervisning i skulefaget naturfag
  • skal øve opp evna til å knytte naturfaget til elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplan
Learning outcome qualification

Studenten

  • skal vise evne til fagleg basert kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
  • skal vise evne til refleksjon omkring elevar sitt forhold til biologi og geofag i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å utvikle og gjennomføre naturfagundervisning basert på fagleg og fagdidaktisk kunnskap samt gjeldande læreplan
  • skal vise evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning
Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga vert gjeve via internett. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesningar kan verte gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav:

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeid der minst eitt er nært knytt til eigen undervisningspraksis
  • levere ein samlerapport frå anna laboratorie- og feltarbeid
  • bestå ein artsprøve basert på ei liste på 100 pensumartar

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Øyvind A. Schnell
Costs

Ingen

Expenses

Ingen

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Anne Øie