Semesters

NF103U Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (5-10)

Course code: 
NF103U
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Undervisninga i NF103U, saman med NF104U, tek sikte på å gi studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulens ungdomstrinn. Emnet tek føre seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske tema. 

Faglege tema: 

  • fysikk: rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
  • kjemi: kjemisk energi, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi og reaksjonar i organisk kjemi
  • grøn kjemi og rolla til kjemien i berekraftig utvikling
  • biologiske makromolekyl
  • sikkerheit i laboratoriet og i anna praktisk naturfagundervisning

Fagdidaktiske tema:

  • læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema 
  • bruk av modellar i naturvitskap
  • planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
  • teknologi og programmering i naturfag
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • kunnskap om rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
  • kunnskap om kjemisk energi, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi og reaksjonar i organisk kjemi
  • kunnskap om grøn kjemi og rolla til kjemien i berekraftig utvikling
  • kunnskap om biologisk nedbrytning av plast og miljøsikkerhet
  • kunnskap om karbohydrat, lipid, protein og nukleinsyrene DNA og RNA
  • kunnskap om å gi undervisning i skulefaget naturfag

 

Learning outcome skills

Studenten skal: 

  • ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi 
  • ha ferdigheiter i å gi undervisning om korleis kjemien kan bidra til med overgang til produkt som gir betydeleg mindre negative konsekvensar for klima og miljø
  • ha ferdigheiter i å gi undervisning i skulefaget naturfag 
  • ha ferdigheiter i å gi naturfagopplæring tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader 
  • utvikle evne til å sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplanverk 
  • utvikle evne til å sjå mulegheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
  • kunne legge til rette for arbeid med teknologi og programmering i naturfag

 

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evna til refleksjon og kritisk tenking. 

 

Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga blir digital. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærmare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.

Assessment requirements

Fremmøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesingar kan bli gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav:

Alle arbeidskrav må være godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljar knytt til arbeidskrava blir kunngjort i semesterplanen.

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar 
  • levere samlerapportar frå andre laboratorieøvingar 
  • ei naturfagdidaktisk oppgåve
Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Carlos Magnusson
Costs

Ingen.

Expenses

Ingen.

Used in other programs
  • Natural sciences for teachers, Grades 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått
Approval signature: 
Arne Myklebust