Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
NO112S Språket som kultur
Ingen.
Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk litteratur, som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp.
Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
- TP1: Talemål og sosiolingvistikk
- TP2: Skriftkultur og språkhistorie
- TP3: Tekstteori og pragmatikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggjande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk i fortid og notid
- språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
- historiske og sosiale språkendringar
Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst.
Studenten
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
- har ei første innsikt i vitskapleg metode
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på nynorsk. Studentar som tek kurset innanfor studieprogrammet NOR2V-N Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur, skal skrive godkjenningsoppgåva på bokmål.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor in religious studies
- Further Education in Norwegian, Language and Literature. On campus
- History - bachelor
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk. | |||
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Studentar som tek kurset innanfor studieprogrammet NOR2V-N Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur, skal skrive begge deleksamenane på bokmål. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |