Semesters
NO131-110KFK Andrespråkspedagogikk 1, Kompetanse for kvalitet
Ingen.
Emnet er første del av studiet Andrespråkspedagogikk for lærarar på 1.-10. trinn. Det faglege innhaldet er konsentrert om fleirspråklegheit og tilpassa opplæring for elevar med fleirspråkleg bakgrunn, og tek utgangspunkt i følgjande tema: omgrepsdanning, utvikling av ord og ordforråd og lesing av norskspråklege tekstar. Det er læraren sitt didaktiske arbeid med problemstillingar knytt til desse temaa som står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- morsmål, førstespråk, andrespråk og fleirspråklegheitsteoriar
- om fleirspråklege arbeidsmåtar og opplæringsmodellar
- inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen
- føresetnader for skuleframgang når undervisning skjer på andrespråket
- kunnskap om den første og andre leseopplæringa når norsk er andrespråket
- ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
- lovverk, læreplanar og kartleggingsverktøy for språklege minoritetar
Studenten kan:
- anvende kunnskapar om elevar sin fleirspråklege og fleirkulturelle bakgrunn for å kunne skape ei inkluderande opplæring
- meistre didaktiske tilnærmingar som inneber tilpassa leseopplæring
- arbeide systematisk med ord- og omgrepslæring
- analysere og nytte lovverk, læreplanar og kartleggingsverktøy for å sikre ei best mogleg opplæring
- uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Studenten kan:
- etablere og utvikle tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
I haustsemesteret er undervisninga fordelt på tre samlingar på campus HVO. Samlingane går kvar gong over to heile dagar og har obligatorisk oppmøte. Mellom samlingane er det lagt opp til at studentane gjennomfører didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass, og gjennomfører nettbaserte undervisingsopplegg på læringsplattforma Canvas. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett.
Arbeidskrav:
- Obligatorisk oppmøte på samlingane
- Gjennomføring av digitale, asynkrone undervisingsopplegg
- Gjennomføring av to didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass
- To skriftlege refleksjonstekst på 1000-1200 ord knytt til det didaktiske opplegget
- Munnleg innlegg og deltaking på seminar
For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som får «ikkje godkjend», kan få eitt nytt forsøk, jf §4-7 Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Det er krav om 80 prosent oppmøte, jf. § 4-6 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Second language pedagogy, grade 1-10, Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | Minimum 1700 ord - maksimum 2000 ord |