Semesters

PPU120-30 PPU: Fagdidaktikk - Norsk, 30 stp

Course code: 
PPU120-30
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Norskfaget har ein særeigen plass som eit danningsfag der studiet av tekstar, i samtid og fortid, står sentralt. Studiet skal bidra til auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt norskfaget som språkfag, tekstfag og danningsfag og korleis det har forma norskfaget i ulike skuleslag. Med Kunnskapsløftet har lese- og skriveopplæring vorte ein sentral del av norskfaget og andre fag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • inngåande fagdidaktisk kunnskap for relevante fag
  • inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
  • kunnskap om norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar
  • kunnskap om fagplanhistorie
  • kunnskap om norskfaget som redskapsfag, språkfag og danningsfag og korleis dette pregar dagens norskfag
  • kunnskap om korleis ein kan bruke språklege og litterære kunnskapar i skulefaget norsk på ulike nivå
  • kunnskap om korleis ein kan drive munnleg opplæring, lese- og skriveopplæring på ulike nivå og tilpassa elevar med ulike føresetnader, også til elevar med lese- og skrivevanskar eller norsk som sitt andrespråk
  • kunnskap om leseopplæring, litteraturdidaktikk, skriveopplæring, munnlege og multimodale tekstar
  • brei kunnskap om læringsstrategiar og arbeidsmetodar generelt og i norskfaget spesielt
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i norskfaget basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap i norskfaget
  • planleggje og gjennomføre opplæring i norskfaget basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • drive opplæring med grunnlag i at lesing, skriving og munnleg er grunnlag for læringsarbeid i norskfaget og andre fag
  • drive tilpassa opplæring i sentrale norskfaglege emne, og knytt til elevane sin tekstproduksjon, tekstresepsjon og tekstrefleksjon
  • tilretteleggje for læringsarbeid i eit fleirspråkleg klasserom
  • vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan bruke fagdidaktiske kunnskapar i til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • ser ulike dimensjonar ved skulefaget norsk på ulike nivå
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen tekstkompetanse, vurderingskompetanse og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
Working and learning activities

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk i sentrale emne), og i gruppe i det enkelte fag (norsk).Oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Assessment requirements
  • Studentane skal skrive fire fagtekstar, tre på ca fem sider (ca. 2000 ord), ei på ca ti sider (ca 4000 ord). Ein av fagtekstane skal vere knytt til praksis. Begge målformene skal vere representerte.
  • Studentane skal også ha ei munnleg framføring knytt til fordjupingsoppgåva.

    Meir informasjon om arbeidskrava vert gitt etter studiestart

       Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk.
      Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.    

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Marit-Lovise Brekke
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Fagteksten på ti sider (ca. 4000 ord) skal leverast til vurdering saman med ein av dei mindre fagtekstane på 5 sider (ca. 2000 ord). Mappa skal innehalde ein presentasjonstekst på 2-3 sider (800-1200 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir utvalet.
Approval signature: 
Anne Øie