Semesters

PPUD-PED2 Pedagogikk 2

Course code: 
PPUD-PED2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPUD-PED1 Professional Teacher Qualification 1
Course content

Pedagogikk 2 (PPUD–PED2) byggjer på Pedagogikk 1 (PPUD-PED1). Innhaldet i emnet er strukturert i fire modular: 

  • Inkludering og spesialpedagogikk
  • Sosialisering og oppvekst 
  • Skulen og samfunnet  
  • Læraren som profesjonsutøver   

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten 

  • har kunnskap om samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring 
  • har kunnskap om mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader 
  • har kunnskap om betydninga av samarbeid med føresette og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket 
  • har innsikt i teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring 
  • har kunnskap om barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur
  • har kunnskap om faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring 
  • kjenner sentrale styringsdokument for skulen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skulen
  • har kunnskap om lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen 
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • har inngående kunnskap om samanhengar mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skulen si rolle i samfunnet
  • har god kjennskap til skulen som organisasjon, korleis skulen fungerer, kan utviklast og endrast
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen
  • arbeider proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle
  • kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til barne sitt beste
  • brukar og viser til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv   
  • kan formidle pedagogiske problemstillingar    
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og medverke til utvikling og endring av eigen praksis
  • kan vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Working and learning activities

Emnet er ein del av eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudium over fire semester. 

Studentane må ha tilgang til eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon. 

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som vert nytta gjennom året. Samansetjing av gruppene blir bestemt av emneansvarleg.

Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium, utviklingsprosjekt og dialog i plenum.  

Assessment requirements

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt: 

  • Minimum 80% frammøte 
  • Alle arbeidskrav godkjende  
  • Praksisemne godkjent

Frammøte 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Arbeidskrav 

  • Prosjektplan knytt til semesteroppgåve, 1500-2000 ord.
  • Munnleg presentasjon av semesteroppgåve.  
  • Arbeidskrav knytt til modulen Skulen og samfunnet eller Læraren som profesjonsutøvar. 

Arbeidskrava som ikkje er knytt til semesteroppgåva kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa, nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det kan bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.

Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, digitale ferdigheiter, kollegarettleiing, vurdering, og undervisningsplanlegging. 

Arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Julia Melnikova
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Semesteroppgåve. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva innanfor det som er innhaldet/pensum i emnet.
4000 ord (+/- 10%)
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Approval signature: 
Silje Ims Lied