Semesters
PROG-110KFK Introduksjon til programmering, 1.-10. trinn
Ingen.
I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuell- og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett eller PC, og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten kan
- vise forståing for programmeringa si nytte i samfunnet
- vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
- vise grunnleggjande forståing for algoritmar
- vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
- gjere greie for ulike programmeringsverktøy, programmeringsspråk og metodar for programutvikling til bruk i skulen
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Kandidaten kan
- utforme algoritmar og pseudokode
- utvikle program ved hjelp av visuell programmering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid og vurdere elevarbeid
Kandidaten kan
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav: To (2) oppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke 1) eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og 2) profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. Omfanget av oppgåvene vil vere 2000 ord (+- 10%) som skrift, eller maksimalt 10 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst. Totalt omfang av arbeidskrav er difor 4000 ord eller maksimalt 20 minutt film.
- Programming for teachers, 1st-7th Grade - Competence for quality
- Programming for teachers, 5th-10th grade - Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. | Alle |