Semesters
REL111N Bibelen - tekst og tolking
Ingen.
Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium. Det skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte tekstar i skulen og i anna opplæring og formidling.
Emnet er delt i tre delemne:
Del 1: Innføring i bibelfag
· Bibelens opphav og innhald (tekst- og kanonhistorie)
· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen
· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel
· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid
Del 2: Bibelfagleg tekststudium
· Grunnleggjande tekstanalyse
· Bibellesing og tolking
· Bibelen si verknadshistorie
Del 3: Bibelen i undervisning
· Korleis lese Bibelen som heilskap?
· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)
- Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument
- kunnskap om innhaldet i Bibelen
- kunnskap om Bibelen si tolkingshistorie
- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekstar
- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur
- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring
- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekstar
- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekster frå Det gamle og Det nye testamentet
- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt
- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekstar og tema
Etter fullført studium kan studenten
- bruke tekstanalytiske kunnskapar i tolking av gamle tekstar
- bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte
- bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng
- Studenten har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar for arbeidskrav vert kunngjort ved studiestart. Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbytet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to arbeidskrav innan fastsett frist
Arbeidskrav nummer to inngår som del av mappeeksamen.
Oppgåveformuleringar og fristar blir gjort kjent ved studiestart.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 30 Minutes | Pass / fail | Den digitale prøva må vere bestått for å få samla karakter i emnet | |||
Portfolio | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Mappeeksamen består av to delar: Ei oppgåve på 2500 ord over 3 dagar og ei oppgåve på 1500 ord (arbeidskrav nr. 2). Oppgåvene skal leverast som Pdf-filer innan fristen. | Alle |