Semesters
REL142N Kurs i akademisk oppgåveskriving
Ingen.
Emnet gjev ei innføring i akademisk oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i kurset skrive ei oppgåve innanfor humanistiske fag. Denne oppgåva skal utviklast til eksamenssvar på REL142N.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå
har kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforming av akademiske oppgåver
Studenten
kan formulere og avgrense relevante problemstillingar
kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve
Studenten
kan svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon
meistrar forsvarleg bruk av ulike kjelder
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
Arbeidskrav:
Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Religion and Culture - bachelor (net-based)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Oppgåve på 2000 ord (+/- 10 prosent). |