Semesters
REL207N Livssynsmarknad og livssynsdebatt
Grunnivå (minimum 45 stp.) i Religion, livssyn og etikk eller tilsvarande.
Emnet er sett saman av desse delemna:
1. Sekularisering, «refortrylling» og livssynsmarknad. Eit kulturanalytisk perspektiv.
Delemnet gjev ei innføring i sekulariseringsteoriar, teoriar om seinmoderne religiøsitet og livssynsdanning, så vel som livssynsdanning i postmoderniteten knytt til tema som identitetsdanning, ungdomssosiologi og ungdomskultur.
2. Nyare religionar, sekter og rørsler. Eit oversyn.
Delemnet er eit studium av døme på kristeleg inspirert nyreligiøsitet, hinduistisk inspirert nyreligiøsitet og ulike sekter. Det vert også gjeve ei innføring i New Age og den postmoderne alternativmarknaden.
3. Nyreligiøsiteten i møte med norsk kristendom.
Delemnet gjev ei innføring i allmenne kyrkjelege reaksjonar på nyreligiøsiteten, møtet med austleg inspirerte livsperspektiv og utfordringa frå den nye okkultistiske interessa.
4. Vitskap og livssyn.
Delemnet tek føre seg tilhøvet mellom tru og fornuft, nyare religionskritikk (mellom anna ny-ateismen), tilhøvet mellom menneske og den teknologiske utviklinga så vel som dei økologiske debattane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om ulike forståingar av sekulariseringa og av vilkåra for religiøsitet i det seinmoderne samfunnet
- har kunnskap om nyare teoriar om religiøs identitetsdanning og sosialisering og kan drøfte ulike religiøse og livssynsprega innslag i ungdomskulturen ut frå desse
- har kunnskap om nyreligiøsitet og alternativrørsle, både i form av ulike samfunn og retningar og som moment i populærkultur og media
- har kunnskap om korleis nyreligiøsiteten har vorte møtt av kyrkjereligionen i landet vårt
- har kunnskap om tilhøve mellom tru og fornuft, nyare religionskritikk, religionskritiske livssynsutkast med utgangspunkt i nyare naturvitskap, og som moment i populærkultur og media
- har kunnskap om tilhøvet mellom menneske og den teknologiske utviklinga, samt dei økologiske debattane
Studenten
- kan gjere greie for det samtidige religiøse og livssynsmessige mangfaldet
- kan reflektere over eiga fagleg utvkling
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om livssynsmarknad og livssynsdebatt og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområde
Undervisninga går over eitt semester og består av nettleksjonar i delemna og eit obligatorisk oppgåveseminar på nett som også inkluderer interaktiv studentaktivitet. Det blir gjeve individuell rettleiing, først og fremst knytt til oppgåveskriving.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent to innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
- ha delteke i eit oppgåveseminar på nett der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve, og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Religion and Culture - bachelor (net-based)
- Religious studies - specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (+/-10%). |