Semesters

SABVP122 Prosjekt i praksis

Course code: 
SABVP122
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SABVP111 og godkjende arbeidskrav i SABVP112

Course content

Føremålet med emnet er at studentane skal utvikle kunnskap om og erfaring med prosjekt som arbeidsmåte. Prosjektet er eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for sosialt arbeid. Praksisomgrepet er nytta både fordi det gjeld praksis i prosjektarbeid, og fordi prosjektet handlar om praksisfeltet. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).

Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.

Emnet skal gi kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene til eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal kunne:

  • gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
  • gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting
  • vurdere utfordringar ved datainnsamling og analyse
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
  • gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
  • samle inn data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
  • presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
  • reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
  • gjere kritiske vurderingar av innsamla data og av svake sider ved eigen analyse
Working and learning activities

Prosjektpraksis går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.

Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.

Deltakinga gjeld både undervisning og rettleiing.

Alle arbeidskrav i SABVP122 må vere godkjende for å få starte på SABVP125.

Assessment requirements

Arbeidskrav gruppeeksamen:

  1. Prosjektplan (gruppeinnlevering)

Arbeidskrav munnleg eksamen:

  1. Aktiv deltaking i presentasjonar av eige prosjekt og som tilhøyrar til andre grupper sine presentasjonar
  2. Skriftleg arbeidskrav (essay på omlag 2000 ord med utgangspunkt i gitt tema). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisning og rettleiing
Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Roar Stokken
Ellen Andenes
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
49
◦Gruppebasert prosjektrapport på om lag 9000 ord
omlag 9000 ord
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
51
Tema kan vere:
- Innhald i prosjektrapport
- Arbeidsprosessen fram til prosjektrapport
- Pensum
Approval signature: 
Randi Bergem 24.02.2020