Semesters

SOS157 Fordjuping i sosialt arbeids yrkespraksis

Course code: 
SOS157
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SOS154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
SOS155 Psychological topics
SOS156 Theory and working methods in social work
Course content

Studentane skal i emnet vidareutvikle sin kompetanse innan sentrale område for sosionomar.

Studenten skal gjennom emnet byggje opp forvaltningskompetanse. Det betyr at studenten både skal få djupnekunnskap om rammevilkåra for sin praksisplass, og ta desse i bruk til å gjere gode skjønnsmessige vurderingar og ivareta rettstryggleiken til brukarane. Saman med forskings- og brukarkunnskap skal studenten dermed få erfaring med å utgreie og undersøke, vurdere, fatte og dokumentere avgjersler i samarbeid med dei som oppsøkjer hjelp. Ein naturleg del av dette er at studenten skal nytte dei digitale verktøya som er i bruk ved praksisplassen.

Samarbeids- og relasjonskompetanse er sentralt for sosionomar, og det er difor lagt vekt på at praksis skal gi erfaring med å forstå, samhandle med og rettleie brukarar og pårørande, så vel som at studentane skal kunne innhente og ta i bruk brukaren sin eigen kunnskap. Gjennom praksis skal studentane arbeide tverrprofesjonelt og utveksle faglege synspunkt og erfaringar med andre profesjonar og hjelpeinstansar til det beste for brukaren. Praksis skal også bidra med kjennskap til tverrfagleg samarbeid med andre profesjonar og hjelpeinstansar til det beste for brukaren.

Sosionomstudentane skal relatere teoretiske kunnskapar frå studiet til praktisk sosialt arbeid, der dei kan møte komplekse situasjonar som utfordrar både personleg, fagleg og etisk. Det vert difor lagt vekt på utvikling av både personleg og analytisk kompetanse. Gjennom kritisk refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.

Internasjonal utveksling kan bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og gi grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing i sosialt arbeid
  • har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i sosialt arbeid
  • har kunnskap om kultur- og maktrelasjonar i sosialt arbeid
  • har kunnskap om politikk, system, lover, regelverk og rettleiarar som påverkar arbeidet ved eigen praksisplass
  • har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivilleg sektor
  • har kjennskap til fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid som er relvante for eigen praksis
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan anvende fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon til å forstå og formidle brukarar og pårørande sine perspektiv
  • kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere etisk og kritisk over eigen og tenesta sin praksis 
  • kan identifisere og reflektere over etiske problemstillingar i tenesteutøvinga
  • kan bruke oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiarar i si testeutøving
  • kan dokumentere og formidle fagleg og praktisk kunnskap
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i, og kan reflektere kritisk over, si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav og etiske dilemma i tenesteutøvinga
  • kan planleggje og gjennomføre koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå
  • kan avdekke eigne kunnskapshol, finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, og framstille dette både munnleg og skriftleg
Working and learning activities

Emnet går føre seg parallelt med emnet SOS159 Praksisstudium, 64 dagar. Undervisning i emnet går føre seg før og etter praksisstudiane, og består av tradisjonelle førelesingar, gruppearbeid og samtaleøvingar. Undervisinga er hovudsakeleg organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudia, men det profesjonsspesifikke vert ivaretatt gjennom gruppearbeid og ulike faglege tilnærmingar til den same tematikken. Under praksisstudiet vert det forventa at studenten gjer sjølvstudium i emnet. 

Assessment requirements

Arbeidskrav

  1. Innlevering av førebuingsnotat før praksis
  2. Individuell skriftleg oppgåve på 2500 ord +/- 10 %

Nærare om innhald, innlevering og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. 

Obligatorisk deltaking:

Det er krav om 80 % deltaking til kvar av seminara (førebuingsseminar og refleksjonsseminar).

Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.  

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Gerd Skjong
Ann-Iren Høgalmen
Jarle Pedersen
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praksisoppgåve. Studenten vel sjølv om oppgåva vert skrive på norsk eller engelsk.
4000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 08.04.2022