Semesters
SPP305 Vitskapsteori og forskingsmetode
Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.
Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd i skule og barnehage. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal emnet bidra til å danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoriske perspektiv
- har avansert kunnskap om dei ulike fasene i ein forskingsprosess
- har avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative design og metodar
- har inngåande kunnskap om sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
- har god kunnskap om forskingsetikk
Kandidaten
- kan analysere og vurdere kritisk ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
- kan grunngje og argumentere fram ulike val i ein forskingsprosess, inkludert forskingsetiske spørsmål
- kan vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Kandidaten
- har inngåande vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk innsikt
- kan analysere og vurdere relevante forskingsetiske problemstillingar
- kan anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.
Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Det er to arbeidskrav på emnet:
- Forskingsdesign
- Statistikk
Nærare informasjon om innhald, rettleiing og tidsfristar på arbeidskrava blir gitt ved studiestart.
For å framstille seg til eksamen i emnet må kandaten ha
- tilstrekkeleg frammøte
- arbeidskrav godkjende
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Master in Special Education
- Special Education - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |