Semesters

SSA103 Berekraftige samfunn

Course code: 
SSA103
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Utgangspunkt for emnet er kjerneelementet «Berekraftige samfunn» i læreplanen for samfunnsfag i Kunnskapsløftet 2020. Undervisninga i grunnskulen skal gi elevane innsikt i dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og samanhengen mellom desse. Emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstema i emnet vert knytt til omgrepa ressursar, utvikling og berekraft. Tema i emnet er berekraft og ressursbruk, klimalære, klimapolitikk, demografi, urbanisering og samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet.  Metodisk vil ein i emnet særskilt arbeide med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor fagområda knytte til berekraftige samfunn
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområde knytte til berekraftige samfunn
  • Har kunnskap om didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer innanfor temaet berekraftige samfunn
Learning outcome skills

Studenten

  • Kan bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid 
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving innanfor temaet berekraftige samfunn 
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling innanfor temaet berekraftige samfunn
  • Kan utvikle undervisningsressursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen for temaet berekraftige samfunn
Learning outcome qualification

Studenten

  • Kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål i eit berekraftperspektiv
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid i tråd med etiske krav og retningsliner
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar om berekraftige samfunn både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma

Assessment requirements

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere leverte til rettleiing og godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Rammene for arbeidskrava blir klare ved semesterstart 

Evaluation system
Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Kjersti Straume
Used in other programs
  • Social Studies
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eitt arbeidskrav blir trekt ut og levert i eksamensmappa saman med ein overbyggande tekst .
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
Dersom ein student har teke SRS102N, så får denne studenten 0 nye studiepoeng for å ta SSA103
100%
15