MUS141 Musikkfagleg innføring 1

Course code: 
MUS141
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Musikkfagleg innføring 1
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Musikkfaglig innføring 1
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet gir ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, inkludert bruk av musikkteknologi og digitale arbeidsmåtar. Det blir fokusert på følgande hovudområde: praktisk musikkteori og arrangering, høyrelære og musikk i historisk kontekst. Eit kurs i folkemusikk inngår i emnet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har grunnleggande kunnskap om praktisk musikkteori og ulike former for musikknotasjon
  • har grunnleggande kunnskap om arrangering og besifring av musikk for utøvarar
  • har grunnleggande kunnskap om komponering ved bruk av musikkteknologi
  • har kunnskap om den vestlege kunstmusikken fram til vår tid, med vekt på norsk og samisk folkemusikk
Learning outcome skills

Kandidaten:

  • kan notere rytmiske, tonale og harmoniske element i musikk ved bruk av gehør
  • kan besifre og arrangere eit musikalsk materiale for mindre ensemble
  • kan nytte musikkteknologiske verktøy til å løyse komponeringsoppgåver
  • kan nytte relevante faglege omgrep i arbeid med musikknotasjon og arrangering
  • kan beskrive kjenneteikn og verkemidlar nytta i musikk i ulike historiske stilepokar og sjangrar, og refletere kring musikk som samfunnsfenomen
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar, og presentere fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksmåtar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
  • kan finne relevant informasjon og kjelder og knytte desse til ei problemstilling
  • kan reflektere over eigen fagutøving og justere denne under rettleiing
  • kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert nytta både klasserom, nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel, og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, eksursjonar og eksterne forelesingar. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Arbeidskrav:

  1. Obligatorisk folkemusikkkurs. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar
  2. Obligatorisk deltaking på øvingar og konsertar med høgskulens kor og/eller orkester
  3. Eit skriftleg refleksjonsnotat i norsk eller samisk folkemusikk
  4. To individuelle arbeid i arrangering og komponering
  5. To individuelle prøver i høyrelære/teori
  6. Eit skriftleg gruppearbeid i musikkhistorie som munnar ut i eit fagleg framlegg for klassen
Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Svein Ole Hunnes
Used in other programs
  • Music - bachelor
  • Music - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Unni Hagen