MUS230 Bacheloroppgåve i musikk

Course code: 
MUS230
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Bacheloroppgåve i musikk
Teaching semester: 
2026 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bacheloroppgave i musikk
Assessment semester: 
2026 Spring
Required prerequisite knowledge

Musikk årsstudium eller tilsvarande og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk

Course content

Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve over ein sjølvvald problemstilling. Gjennom bacheloroppgåva skal studenten få øving i å planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid i tråd med forskingsmetodiske krav og forskingsetiske retningsliner. Arbeidet skal vere rettleia. Oppgåva skal bygge på kunnskap frå eitt eller fleire fordjupingsemne i bachelorstudiet og skal inkludere ein komponent med praktisk musisering eller skaping, til dømes ein konsert, ein lydproduksjon eller eit musikkdidaktisk prosjekt som studenten gjennomfører og som genererer eit forskingsmateriale for oppgåva. Eksamen har tre delar: a) den praktiske komponenten; b) den skriftlege komponenten; c) den munnlege justerande eksamen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten kjenner til

  • sentrale vitskapsretningar som har relevans for fagfeltet
  • normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar som har relevans for fagfeltet
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet.
  • avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat, og nytte erverva kunnskap i nye samanhengar.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis.
Working and learning activities

Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype. Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving med tilhøyrande arbeidskrav, og eit bachelorseminar med obligatorisk framlegging av forskingsskisse med tema og problemstilling. Undervisninga kan ta til på haustsemesteret.

Den praktiske komponenten i bacheloroppgåva skal leggjast fram i god tid før den skriftlege innleveringa, jamfør semesterplan.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til samlingar, forelesingar og rettleiing.

Arbeidskrav:

  • forskingsskisse levert medio januar
  • teorikapittel og metodekapittel levert innan gitte fristar
  • deltaking på bachelorseminar med framlegging og medstudentrettleiing
  • tre obligatoriske rettleiingar
  • sjølvvalt pensum på ca. 300 sider må vere godkjend av rettleiar
Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stein Helge Solstad
Used in other programs
  • Music - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
1 Semester
Pass / fail
Ei praktisk oppgåve (t.d. konsert, kunstnarleg produkt, didaktisk opplegg) inntil 40 minutt
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
0 %
Ein akademisk tekst (omlag 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna). Det vert gjeven ein foreløpig karakter.
Adjusting oral examination
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100 %
Ein munnleg presentasjon som justerer den samla karakteren for akademisk oppgåve.