SAFE151 Strukturelle vilkår for profesjonsutøving

Course code: 
SAFE151
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Strukturelle vilkår for profesjonsutøving
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Strukturelle vilkår for profesjonsutøving
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet legg vekt på å opparbeide kunnskap om sosialt arbeid sin plass i samfunnet og samfunnsinstitusjonane sin påverknad på sosialt arbeid. Profesjonsutøving har ein sentral plass i forvaltning av gode og verdiar i velferdssamfunnet. Utøvinga av sosialt arbeid går ofte føre seg i offentlege institusjonar, og alltid innanfor juridiske, organisatoriske og politiske strukturar.

Sosialarbeidaren er ofte i rolla som bakkebyråkrat, med mynde til å avgjere tildeling av gode til menneske som står overfor sosiale problem. Dei kanskje tydelegaste rammene finst i lovverk og rettssystem, som legg føringar på korleis profesjonsutøvinga i velferdssektoren kan og skal utførast for å sikre brukarane sine rettar. Samtidig set politiske modellar og mål grenser for kva verktøy ein har tilgjengeleg til å gi hjelp. Men også dei meir utydelege maktstrukturane i og mellom organisasjonar, der ulike profesjonar arbeider, påverkar handlingsrommet. Desse strukturane utgjer system av rammer som legg føringar (vilkår) på korleis sosialt arbeid kan utøvast: Rammene gir moglegheiter, men set også grenser for kva handlingsrom sosialarbeidaren har til å gi hjelp. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har grunnleggande kunnskap om velferdsstaten og ansvars- og oppgåvefordelinga i velferdsstaten
  • Har kunnskap om lover si grunnleggande tyding som strukturell ramme og kjennskap til sentrale rettsområde
  • Har kunnskap om strukturar og profesjonar i velferdsforvaltninga
  • Har kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemidlar
  • Har forståing for tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Har grunnleggande kunnskap om korleis organisasjonar fungerer og teoriar om dette
  • Har kjennskap til ulike velferdsmodellar
  • Har kjennskap til samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • Har kjennskap til vitskapsteori og samfunnsvitskapleg forskingsmetode
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan arbeide i grupper som planlegg, gjennomfører og evaluerer fagleg arbeid
  • Kan skrive enkle akademiske tekster med rett kjeldebruk og god struktur
  • Kan hente inn og vurdere relevant informasjon, som vitskapleg kunnskap, juridiske og politiske vilkår i ein praktisk samanheng
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Har kunnskap om strukturar som bidreg til makt og kontroll
  • Har kunnskap om politiske og administrative beslutningsprosessar
  • Kan presentere og delta i diskusjonar om institusjonelle, juridiske og politiske krav i yrkesfeltet, skriftleg og munnleg
Working and learning activities

I emnet vert det brukt fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, ekskursjon, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. 

Assessment requirements

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til velferdsteori, sosiologi, profesjonsteori, stats- og kommunalkunnskap og jus. Arbeidskrava vert gjennomført både skriftleg og munnleg, og i ein kombinasjon av gruppearbeid og individuelt arbeid. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Evaluation system
Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Lars Julius Halvorsen
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk.
Lovsamling eller Lovdata.
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023