SOS156 Teori og arbeidsmåtar i sosialfagleg arbeid

Course code: 
SOS156
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Teori og arbeidsmåtar i sosialfagleg arbeid
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Teori og arbeidsmåter i sosialfaglig arbeid
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SOS152 Public health, migration and marginalisation
SOS158 Social work practice placement, 16 days
SAFE153 Introduction to legal method and welfare law
Course content

Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle fagleg og metodisk kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet, og det blir lagt vekt på bevisstgjering av eige verdigrunnlag og eigne haldningar. Målet er utvikling av personleg kompetanse: ein kombinasjon av kunnskap, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter er viktig for utøving av godt sosialt arbeid.  

Sosionomen si yrkesrolle inneber utøving av omsorg, støtte, tenesteformidling og sosial kontroll. Relasjonell kompetanse er sentralt i yrkesrolla som sosionom. I dette semesteret vert det difor lagt vekt på øvingar som kan bidra til utvikling av god samarbeids- og relasjonskompetanse, som inneber å kunne etablere tillit og gode samarbeidsrelasjonar til brukarar, pårørande og andre hjelpetenester. I undervisninga vil dilemma kring skjøn og etisk refleksjon bli tematisert, og sett i samanheng med forståing for mandat, yrkesrolle, ulike teoretiske perspektiv og arbeidsmåtar.  

Sosialt arbeid skjer i eit tverrfagleg landskap der det er nødvendig å samarbeide med andre tenesteytarar på ulike forvaltningsnivå for å skape gode løysingar for brukaren. Utvikling av tverrprofesjonell samhandlingskompetanse blir difor særskilt vektlagt dette semesteret.  

Forvaltning av velferdstenester førset gode vurderingar som ivaretek brukarane sin rettstryggleik. Gjennom undervisning og gruppearbeid blir det lagt til rette for utvikling av god forvaltningskompetanse i arbeid med ulike metodiske og faglege utfordringar. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har brei kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag, arbeidsmåtar og metode som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn
  • Har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, og verdien av erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid 
  • Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling 
  • Har kunnskap om vilkår for meistring og utvikling gjennom heile livsløpet 
  • Har kunnskap om sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem 
  • Har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid 
  • Har kunnskap om sakshandsaming i Nav og i barnevernet 
  • Har kjennskap til ulike former for omsorgssvikt 
  • Har kjennskap til rehabilitering og habilitering
Learning outcome skills

Studenten: 

  • Kan meistre ulike metodiske arbeidsmåtar på individ-, familie,-gruppe- og samfunnsnivå 
  • Kan beherske aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og avgjerd 
  • Kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid i samarbeid med brukarar og pårørande  
  • Kan samarbeide tverrfagleg i møte med menneske med behov for koordinerte tenester 
  • Kan beherske metode i samfunnsarbeid som fremmer makt, deltaking og representasjon 
  • Kan reflektere over eigen veremåte og kva innverknad denne har i samhandling med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar 
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • Har brei innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk og relevante etiske teoriar 
  • Har innsikt i tverrprofesjonelt samarbeid og bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak for brukarane
  • Kan utøve profesjonelt skjøn i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar 
  • Kan analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar i arbeidet som sosionom 
Working and learning activities

Undervisning, seminar, gruppearbeid og øvingar. Delar av undervisninga kan vere organisert felles for barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga. 

Emnet inneheld både tradisjonelle forelesingar, seminar, gruppearbeid og øvingar, og læringsutbytte føreset studentaktivitet. Det er også felles læringsaktivitetar med andre studieprogram.

Nokre av undervisningsaktivitetane er det knytt krav om godkjent aktiv deltaking i.

Assessment requirements

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80% frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til ferdigheitstrening i ulike tilnærmingsmåtar i sosialt arbeid. Arbeidskrava blir gjennomført skriftleg og munnleg, i grupper og individuelt. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Evaluation system
Minimum number of students: 
25
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Knut Hunnes
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
3000 ord (+/- 10 %)
Approval signature: 
Randi Bergem, 01.03.2023