SOS252 Bacheloroppgåve i sosialt arbeid - sosionom

Course code: 
SOS252
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Bacheloroppgåve i sosialt arbeid - sosionom
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bacheloroppgave i sosialt arbeid - sosionom
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SAFE154 Theory of science, method and project work
SOS155 Psychological topics
SOS156 Theory and working methods in social work
Course content

I emnet skal studentane tileigne seg og skape kunnskap om eit sjølvvalt tema. Kunnskapen skal framstillast gjennom ei skriftleg oppgåve innan ein akademisk sjanger. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe. Temaet må vere relevant for sosionomen si profesjonsutøving og drøftast i lys av relevant teori, forsking og eventuell empiri.

Oppgåva kan vere empirisk eller teoretisk. Eventuell datainnsamling kan berre skje etter ein student har fått tildelt rettleiar. Dette kan skje før emnet tek til. Resultatet av arbeidet er ein akademisk tekst der empiriske oppgåver har den vitskaplege artikkelen som mal, medan oppgåver utan empiri har fagartikkelen som mal. 

Innhald

Gjennom sjølvstudium, samarbeid med andre studentar, rettleiing og undervisning skal studentane tilegne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å drøfte problemstillinga si:

  1. i eit teoretisk og praktisk perspektiv.
  2. på ein kunnskapsbasert basis.
  3. på ein måte som viser analytisk og etisk kompetanse.
  4. innanfor rammene til akademisk skriving og såleis vise at studenten meistrar formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av dette omfanget.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har brei kunnskap om både profesjonell og erfaringsbasert kunnskap, herunder brukarkunnskap, i sosialt arbeid
  • Kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling
  • Kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan kombinere teoretisk, forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap i oppgåveskriving.
  • Kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette skriftleg.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
  • Kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kan formidle fagleg kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.
Working and learning activities

Emnet består i all hovudsak av sjølvstudium, men med innslag av rettleiing, gruppeaktivitetar og undervisning.

Studenten skal sjølv velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det vert gitt tilbod om rettleiing på basis av og under føresetnad av studenten sitt sjølvstendige arbeid.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er ikkje krav til frammøte i emnet.

Arbeidskrav:

Studenten må gjennomføre arbeidskrav som viser evne til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7

Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual or Group exam
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten/studentane vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023