IKF204 Motivasjonspsykologi

Course code: 
IKF204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Motivasjonspsykologi
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 studiepoeng på grunnivå. 

Course content

Emnet skal gje ei innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet.

Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventningar, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning. Studentane får innføring i bruken av mentale basisferdigheiter som nyttast for å fremje prestasjonar innan idrett og i samfunnet elles.

Emnet inngår i bachelor i idrett og kroppsøving og bachelor i friluftsliv og naturguide. Gjennom studiet vil studentane få auka profesjonsforståing i forhold til å fremje deltakarar sitt engasjement innafor sitt arbeidsfelt. Dette blir tematisert med dømer frå kroppsøving, idrett og naturguiding. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • kan sentrale omgrep i motivasjonspsykologien
  • kan dei mest sentrale teoriane om motivasjon, og demonstrere kunnskap om dei
  • kjenner til forskingsmetodar i studiet av motivasjon
  • kan analysere sentrale omgrep og teoriar i motivasjonspsykologien og diskutere forholdet mellom dei
Learning outcome skills

Studenten

  • kan drøfte sentrale fenomen knytt til motivasjonspsykologien
  • kan demonstrere forståing av motivasjon innan ulike område av psykologien
  • kan drøfte praktiske implikasjonar av ulike motivasjonsteoriar innan felt som skule, arbeidsliv, helse og idrett, med særleg vekt på profesjonsrolla i kroppsøving og naturguiding
  • kan gjennomføre mental treningsøkt for ei gruppe
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere rundt kva motivasjon er
  • kan reflektere rundt korleis ein måler motivasjon
  • kan reflektere rundt - og tenkje kritisk om - korleis ulike teoriar vinklar motivasjonsfenomen
Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesingar, omvendt undervisning, seminar, rettleiing, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6. Krav om 80% frammøte 

Arbeidskrav:

  1. Gjennomført og godkjent ein Multiple Choice test i Canvas
  2. Gjennomført og godkjent arbeidskrav knytt til mentale treningsteknikkar
  3. Godkjent individuelt arbeidskrav 
Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
80
Person in charge: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Used in other programs
  • Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
  • Physical Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Sjå sensorrettleiing
Tillatte hjelpemiddel: Ingen
Approval signature: 
Unni Hagen