NO204 Litteratur og sjukdom

Course code: 
NO204
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Litteratur og sjukdom
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Litteratur og sjukdom
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande etter søknad.

Course content

I fordjupingsemnet Litteratur og sjukdom tar ein for seg seg sjukdom som litterært motiv. Pensum er sett saman av eit utval tekstar som tilsvarar sju litterære verk. I desse tekstane møter vi kjende litterære sjukdomar som hysteri, melankoli, tuberkulose, kreft osb. I tillegg inneheld pensum eit utval teori og sekundærlitteratur som gir relevant bakgrunn for dei einskilde verka. Emnet kan, i lag med eit språkemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna litteraturemne (NO203: Livshistorier) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskapar om

  • korleis litterære tekstar nyttar sjukdomsmotiv til å reflektere over sentrale sider ved subjekt og samfunn
  • teori knytt til sjukdom i litterær og kulturell samanheng

 

Learning outcome skills

Studenten er i stand til å

  • bruke desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvsing i vitskapleg framstilling

 

Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.

 

Assessment requirements

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne (sjå pensumlista for informasjon om kva verk ein kan velje mellom) og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon. Dette skal godkjennast av rettleiar.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

3. Pensumliste skal vere innlevert seinast ti dagar før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.

4. Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve om eitt av pensumverka på om lag 2000 ord (5 sider).

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Brage Egil Herlofsen
Used in other programs
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian - Specialization
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Approval signature: 
Arne Myklebust