MGL1-7MA3C Problemløysing og modellering i matematikk

Course code: 
MGL1-7MA3C
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Problemløysing og modellering i matematikk
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7MA2A Mathematics 2A: Inquiry, argumentation and proofs
MGL1-7MA2B Mathematics 2B: Introduction to research in mathematics education
MGL1-7FOUMA R and D assignement in mathematics
Course content

Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv i begynnaropplæringa; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruken av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Tenleg bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande kunnskap i bruk av verktøy i samband med problemløysing og modellering
  • skal ha inngåande kunnskap om bruk av problemløysing og modellering i matematikkfaget
Learning outcome skills

Studenten

  • skal kunne bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
  • skal kunne konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • skal kunne nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • skal kunne bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering for elevar frå 1. – 7. steget, og kunne vurdere slik bruk
  • skal kunne analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Learning outcome qualification

Studenten

  • skal kunne dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
  • skal kunne ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til problemløysing og modellering
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav:

  1. Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.
  2. Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang omlag 3000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.

Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.
 

Sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Evaluation system
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Leif Bjørn Skorpen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
40 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust