MGL1-7NO3C Lese- og skrivekunne

Course code: 
MGL1-7NO3C
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Lese- og skrivekunne
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Lese- og skriveferdigheter
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7NO2A Norwegian 2A: Second-level reading and writing training
MGL1-7NO2B Norwegian 2B: Language and text perpectives in Norway and Scandinavia
MGL1-7FOUNO R and D assignement in Norwegian
Course content

Emnet vektlegg forsking på den første lese- og skriveopplæringa, språkutvikling og lesing og skriving som grunnleggjande kompetansar i eit begynnarperspektiv. Vidare tek studiet for seg ulike perspektiv på literacy-omgrepet, og korleis ein kan utvikle engasjement og kritisk tenking for ulike elevgrupper frå 1.-7. klasse. Sentrale studiefelt vil vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne på bokmål og nynorsk, arbeid med multiple tekstar, leseforståing, lesestrategiar og munnleg kompetanse.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget om literacy og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget på barnesteget
  • har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse i byrjaropplæringa
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i byrjaropplæringa i eit mangfaldig klasserom
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
  • har kunnskap om varierte arbeidsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
  • kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og ulike medium for å fremje djupnelæring
  • har forskingsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv
Learning outcome skills

Studenten

  • kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring innan lese- og skriveopplæringa, med vektlegging av begynnaropplæringa og mellomsteget
  • kan rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira
  • kan vurdere kjelder kritisk, og bruk av ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei didaktisk i begynnaropplæringa
Learning outcome qualification

Studenten

  • Beherskar uttrykksformene til norskfaget og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det vil bli munnlege presentasjonar og vurdering av tekst.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav:

  1. Førebuing til og gjennomføring digital munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over denne i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein Powerpoint som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått.
  2. I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Wenke Mork Rogne
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
2 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Skriftleg heimeoppgåva på om lag 4000 ord (+-10%). Alle skal skrive på nynorsk
Alle.
4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust