BLUMG304 Utforsking i barnehage og nærmiljø

Course code: 
BLUMG304
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Utforsking i barnehage og nærmiljø
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Utforsking i barnehage og nærmiljø
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet handlar om utforsking, natur og miljø og tek føre seg utforsking saman med barn gjennom ulike opplevingar i barnehagen og nærmiljøet. Utforsking vil i dette emnet ha sitt utgangspunkt i realfaga, der matematisk og naturvitskapeleg kunnskap og tenkjemåtar står sentralt. I barnehagen tek slik utforsking oftast utgangspunkt i autentiske spørsmål og kontekstar, og emnet legg difor vekt på både tverrfaglege og fleirfaglege perspektiv. Emnet tek utgangspunkt i utvalde case med basis i berekraft og kontekstbasert utforsking.

Eit sentralt mål for emnet er at studenten, basert på prinsipp frå design-basert forsking, skal utvikle aktivitetar i eit fagleg fellesskap og utvikle på eit avansert nivå innsikt i ulike aspekt ved utforsking. Døme på slike aspekt er å utvikle eigne utforskingsstrategiar, samle inn informasjon, argumentere og resonnere. Studenten skal utvikle kompetanse i å designe aktivitetar som legg til rette for at barn kan lære gjennom utforsking og eigne erfaringar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har avansert kunnskap om utforsking i barnehagedidaktisk samanheng
  • har avansert kunnskap om tverrfaglege og fleirfaglege tema der utforsking står sentralt, med case henta frå kontekstbasert utforsking  og berekraftig liv og praksis
  • kan overføre kunnskap om utforsking mellom ulike kontekstar, på tvers av fag, og kjenne til meir fagspesifikke utforskande praksisar
  • har avansert kunnskap om undrande og utforskande samtalar med barn knytt til matematiske og naturfaglege spørsmål
  • har avansert kunnskap om matematiseringsprosessar hos barn i møte med omverda
  • kan identifisere strategiar for utforsking av tverrfaglege tema og fenomen som er relevante for barnehagen
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere, drøfte og nytte forskingsbasert kunnskap om utforsking som del av sin daglege profesjonsfaglege praksis
  • kan nytte designbasert forsking til å utvikle og vurdere utforskande aktivitetar om realfaglege spørsmål knytte til berekraftig liv og praksis
  • kan leie undrande og utforskande samtalar med barn og vaksne i matematiske og naturfaglege spørsmål
  • kan nytte eit breitt repertoar av arbeidsmåtar og reiskapar i utforsking i eit mangfald av samanhengar
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis knytt til utforskande aktivitetar med barn og vaksne og slik bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i barnehage
  • kan, med utgangspunkt i forskingsbaserte prinsipp, leie arbeid med å utvikle nye didaktiske og utforskande aktivitetar
  • kan vere ein ressurs for barnehagefeltet gjennom å utvikle forskingsbaserte aktivitetar og formidle dette både i eit breiare fellesskap av fagpersonar, til føresette og i det offentlege ordskiftet
  • kan syne ei utforskande haldning for å halde ved like og utvikle sin eigen realfaglege og didaktiske kompetanse
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper, individuelt arbeid, ulike former for praktisk arbeid inne og ute, og rettleidd arbeid med eiget prosjekt. Digitale læringsressursar vert brukt i utstrekt grad.

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  1. Tre korte skriftlege eller munnlege tekstar knytt til litteraturen (omfang ca. 200-400 ord eller 3-5 minutt videoopptak)
  2. Tre korte skriftlege eller munnlege tekstar knytt til utforsking i praksis (omfang ca. 200-400 ord eller 3-5 minutt videoopptak)
  3. Utkast til casebasert multimodal prosjektoppgåve basert på utprøving av ein utforskande aktivitet (omfang ca. 3000-4000 ord) og drøfting i studentseminar

Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt som del av undervisninga.

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Erik Fooladi
Used in other programs
  • Early childhood education studies - master (part-time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Endeleg prosjektoppgåve (arbeidskrav c) skal leverast som eksamensarbeid.
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Munnleg/praktisk eksamen der studenten skal presentere, demonstrere og svare på spørsmål frå innhaldet i emnet med utgangspunkt i prosjektet. Begge eksamensdelane må vere bestått for å få bestått karakter på eksamen.
Approval signature: 
Arne Myklebust