Special education and inclusion

Fagleg føremål eng

Forskingsgruppa har som fagleg formål å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging, og korleis skule og barnehage kan jobbe for å imøtekome desse behova på ein god måte.

Aktivitetar (plan for arbeidet i gruppa): 

Gruppa kjem til å ha ein fast møteplan, med møter ca. ein gong i månaden. På møta vil vi ta opp orienteringssaker knytt til forskingsaktivitet og tema som er aktuelle for gruppa. Vi vil også ha eit fagleg innslag der ein av medlemmane har framlegg og dei andre gir respons. Framlegget kan handle både om tekstproduksjon og datainnsamling/forskingsdesign. Det er også aktuelt å invitere inn eksterne forskarar/fagpersonar frå andre institusjonar og avdelingar som kan halde innlegg om ulike tema.

Aktuelle samarbeid og nettverk: 

Gruppa er representert både i Midtnorsk forskerforum for spesialpedagogikk og i Nettverk for spesialpedagogikkutdanning i Noreg. Vi samarbeider også med Statped Midt og Møreforsking. I tilsettprofilen til dei ulike medlemmane, er ulike samarbeidsprosjekt knytt til forsking nærare omtala. 

Medlemmer (pr. d.d)

Leiar:Silje Ims Lied

Marianne Hareide Andreasen

Kari E. Bachmann

Beate Farstad

Peder Haug 

Berit Huse

Ann Helen Lonbakken Næss

Gunhild Nordvik Reite

Anne-Kari Remøy

Iselin Vatnehol Waage

Kari Eldby Rygg (ekstern medlem)

Anne Randi Fagerlid Festøy