Profile picture for user eidsvikan

Anniken Eidsvik

Fullmektig

Institutt for pedagogikk

Tennfjord barnehage vart lærarutdanningsbarnehage (LUbhg) hausten 2021. I det høvet fekk eg ei delt stilling, der eg no jobba 30% ved høgskulen og 70% som pedagogisk leiar i barnehagen. Ei målsetting for den delte stillinga var at studentar skal få ei praksisnær undervisning. Eg underviser i LSU der eg har emner som kvalitet, konflikt, profesjonsetikk, rettleiing og motivasjon, meistring og anerkjennig. I tillegg er eg utviklingspartnar i ReKomp. Eg er også med i ei arbeidsgruppe der det er representantar frå LUbarnehagane og frå høgskulen. Målet med gruppa er blant anna at vi skal utveksle kunnskap og erfaringar med moglegheit for å påverke innhaldet i utdanninga og praksis. Vi har blant anna jobba med praksishefta.

 

Høgskulelektor

Utdanning

Mastergrad i barnehagekunnskap – barndom i eit samfunn i endring, DMMH 2019. Tittel: Meiningsskaping i leik. Eit sosialsemiotisk og multimodalt perspektiv på barn si meiningsskaping av materiell i leik. Innhaldet i masterløpet var barns leik og fysiske aktivitet i barnehagens ulike rørslemiljø, barn og barndom, barnehagen i eit historiske perspektiv og barns multimodale praksisar.

Rettleiings- og mentorutdanning, Høgskulen i Volda, 2015

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen, Høgskulen i Volda, 2010

Pedagogisk rettleiing, modul 1 og 2, Høgskulen i Volda, 2000

Førskulelærarutdanning, Høgskulen i Volda, 1996

Arbeidserfaring

Sidan hausten 2021 har eg undervist i emnet leiing, samarbeid og utvikling (LSU). I tillegg til dette er eg med som utviklingspartnar i ReKomp.

Pedagogisk leiar ved Tennfjord barnehage (2013 – d.d.)

Styrar i Tennfjord barnehage (2000 – 2013)

Styrar ved Tomrefjord barnehage (1999 – 2000)

Pedagogsik leiar ved Brattvåg barnehage (1996-1999)