Belønner og prioriterer formidling høgt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

a08a5e9ca6def4666df7c03b58f3efc0
Professor Peder Haug er kritisk til at formidling ikkje vert belønna nasjonalt.

Kunnskapsdepartementet arbeider med ei stortingsmelding om humaniora, og har bedt om innspel frå organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar. NTNU har kome med eit innspel der dei seier at departementet bør vurdere om enkelte typar formidling bør gi økonomisk utteljing for høgskulane og universiteta, skriv Universitetsavisa.

Ved Høgskulen i Volda (HVO) har ein hatt ei intern ordning i fleire år som belønner den formidlinga dei tilsette ved høgskulen driv. Dette er formidling som ikkje gir publikasjonspoeng i tellekantsystemet til departementet, som nyttast i fordelinga av pengar til høgskular og universitet.

I det interne systemet HVO har for formidling reknast faglege bidrag som til dømes aviskronikkar, lærebøker, populærvitskaplege framføringar, føredrag og kunstnarlege og artistiske arbeid. Over fire millionar kroner vert i år omfordelt ut til avdelingane.

Formidlar i feil kanalar

Professor i pedagogikk ved HVO, Peder Haug, er mildt sagt forundra over at dette ikkje gir økonomisk utteljing frå statleg hald.

– Når vi skal utvikle barnehagar og skular er det nærmast ei fallitterklæring for høgskulesystemet at det ikkje vert premiert av Kunnskapsdepartementet. Eg er glad for og stolt over at ein har fått det til ved HVO, seier Haug.

Han meiner at ein ikkje treff målgruppa for forskinga ved å berre formidle FoU-arbeid i kanalar som gir poeng i tellekantsystemet.

– Vi skal formidle utviklingsarbeidet vårt til dei som arbeider i dei norske barnehagane og skulane, og det skal dei få presentert på ein rimeleg måte. Da er ikkje i kanalar der dei ikkje er til stades rette plassen, som i til dømes internasjonale tidsskrift. Det er ingen i praksisfeltet som les det, seier Haug.

Professoren fortel at han årleg har rundt 30 registreringar av FoU-arbeidet sitt i Cristin-systemet, der rundt fire-fem av dei er poenggjevande nasjonalt. Dei resterande, som er alt frå aviskronikkar til lærebøker, gir berre økonomisk utteljing internt ved høgskulen.

– Eg var med å lage eit verk i fem bind som vart gitt ut i 2011 og som er i bruk i lærarutdanninga. Det er eit klassiske døme på formidlingsarbeid som ikkje vert premiert nasjonalt. Eg brukar mykje tid på arbeid som fagleg sett held mål, men som ikkje gir utteljing anna enn internt.

Raskare i gang med forsking

Johann Roppen, rektor i Volda, ser mange fordelar med å ha eit system som belønner formidlingsarbeid.

– Eg meiner det var framtidsretta av Høgskulen i Volda å vere så tidleg ute med å registrere faglege arbeid, og at det har vorte ein god kultur ved Høgskulen i Volda for å synleggjere formidling. Vi omfordeler over fire millionar kroner gjennom denne ordninga, så dette blir høgt prioritert. Det vi også ser at det er om lag ein tredel av dei fagtilsette som i eit normalår har publisert forsking, medan meir enn to tredelar av dei fagtilsette har drive med formidling. Eg trur at denne ordninga gjer at fleire tilsette publiserer tidlegare og difor kjem raskare i gang med forsking, seier Roppen.

b94a8ba1f4071e54e7a976491552a671
Rektor Johann Roppen.

Det interne systemet har fått sterk støtte frå fleire hold og vil fortsette å verke ved Høgskulen i Volda. 

– Formidlinga skjer stort sett på norsk. Dette er svært viktig for at høgskulen skal synleggjere sitt faglege arbeid overfor folk flest og for dei som er ute i yrkeslivet og som stort sett ikkje les fagstoff på engelsk. Vi har gjennom mange år utvikla eit nokså detaljert system for belønning av formidling. Dette er også godt kjent blant dei tilsette og vert opplevd av tilsette og leiarar som eit ekstra tildriv for formidling. Også i Forskingsutvalet og høgskulestyret har ordninga fått sterk støtte, så dette vil vi halde fram med, held Roppen fram.

Pressefoto

Peder Haug
Johann Roppen

Del på