Korleis ser barnevernstilsette på partnervald og avverjeplikt?
Barnevernet har ei unik moglegheit til å oppdage, rapportere og avverje partnarvald. Likevel finst det lite empirisk kunnskap om korleis tenesta handterer saker der det er partnarvald, og om kva for kjennskap barneverntilsette har til avverjeplikta knytt til partnarvald.
Barnevernet har ei unik moglegheit til å oppdage, rapportere og avverje partnarvald. Likevel finst det lite empirisk kunnskap om korleis tenesta handterer saker der det er partnarvald, og om kva for kjennskap barneverntilsette har til avverjeplikta knytt til partnarvald.
Gjennom kvalitative intervju utforska vi korleis barnevernstilsette i Noreg oppfatta sitt handlingsrom og ansvar overfor vaksne som er utsette for partnarvald. Funna våre indikerer eit uheldig samspel mellom korleis ein forstår sitt profesjonelle mandat og individuelle ansvar og lokale rutinar og organisering, og at dei barneverntilsette har avgrensa kjennskap til lovverket om avverjeplikt knytt til partnarvald.
Vi argumenterer for at det er behov for ei endring i korleis barnevernstilsette forstår sitt handlingsrom, for å sikre at det individuelle ansvaret dei har for den vaksne som er utsett for alvorleg partnarvald, blir ivaretatt. Slik endring fordrar strukturelle tiltak, som formell opplæring. Vi foreslår også at det blir forska vidare på korleis lokal organisering og rutinar legg til rette for eller hindrar systematisk og forsvarleg handtering av partnarvald i familiane det kommunale barnevernet møter.
I artikkelen Child welfare workers’ perceptions of IPV and mandatory reporting in Norway, som er publisert i tidsskriftet Child & Family Social Work, kan du lese meir om kva for oppfatningar som kan bidra til å avgrense bruken av avverjeplikta i møte med partnarvald. Forfattarane av artikkelen er Silje Louise Dahl, Kjartan Leer-Salvesen, Malene Øvrelid og Solveig Karin Bø Vatnar.