Forseinkar forskingsarbeidet – får oppfølging

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Koronasituasjonen har skapt utfordringar for stipendiatane ved Høgskulen i Volda, som ikkje har kunne drive forskinga si på den måten dei hadde planlagt. Dei er samstundes nøgd med støtta dei har fått frå rettleiarane sine. 

I ei intern undersøking blant stipendiatar ved Høgskulen i Volda svarar 91 prosent at koronasituasjonen har påverka doktorgradsarbeidet deira. Av desse seier 70 prosent at arbeidet har vorte påverka «i stor grad» eller «i svært stor grad».

Utfordringar med heimekontor og barn som er heime frå barnehage og/eller skule, utfordringar med arbeidsplassen på heimekontoret, vanskar med å skaffe litteratur med reduserte bibliotektenester, annleis arbeidsflyt og avlyste internasjonale konferansar er grunnar som går igjen til at stipendiatane ikkje har fått arbeidd som dei har ønska. 

Pilotstudie fall bort

Svara frå undersøkinga vart levert i slutten av april og starten av mai, då situasjonen var noko annleis enn den er i dag.

Stipendiat Kim André Stavenæs Refvik har blitt ramma på fleire område.

– Koronasituasjonen har påverka arbeidet på fleire måtar, men det viktigaste er at pilotstudien til prosjektet mitt har falle bort. Denne var planlagt i slutten av mars. Nå ser eg på alternative måtar å løyse dette på. Eg hadde også planlagt for konferansar for juni, som i år har blitt utsett til neste år, fortel Refvik.

Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Eli-Karin Sjåstad Åsebø

For Eli-Karin Sjåstad Åsebø er det situasjonen på heimebane som har vore mest krevjande.

– I denne perioden har eg hatt heimekontor saman med mannen min og fire barn, som har vore heime frå skule og barnehage. Det seier seg sjølv at det ikkje gir gode høve til å jobbe med Ph.d.-arbeidet, særleg i den fasa eg er i no med artikkelskriving, seier Åsebø.

– Stor utryggleik framover

Ho fortel at det er mangel på samanhengande tid til å jobbe konsentrert med artikkelskriving og analysar som for hennar del har bremsa arbeidet med doktorgraden. Sjølv om biblioteket ved høgskulen har vore hjelpsame har det også vore utfordrande å få tak i alle nødvendige kjelder. I tillegg har forlaget ho skal levere sin første artikkel til hatt store utfordringar med å finne kvalifiserte folk som skal gi tilbakemelding på grunn av koronasituasjonen.

Refvik har også «mista» viktig tid, men håper å bli ferdig med doktorgraden i løpet av normert tid.

– Men det er stor utryggleik framover. Sidan mitt prosjekt skal ha skuleelevar som informantar, så er eg heilt avhengig av at skulane startar som normalt igjen i august for å kunne gjere datainnsamlinga til prosjektet. Om dette ikkje er mogleg, blir eg forsinka eller så må eg endre designet på studien, seier Refvik.

Åsebø har gått glipp av analysearbeid og skulle snart ha sendt inn sin andre artikkel til forlaget. Der er ho ikkje i dag og anslår at arbeidet hennar er sett mellom ein månad eller to tilbake i tid.

Nøgd med rettleiing

Sjølv om situasjonen langt ifrå er heldig, finn dei begge eit felles lyspunkt i situasjonen.

– Eg har fått god oppfylging frå høgskulen når eg har hatt behov for det, seier Åsebø og før følgje av Refvik:

– Eg set pris på at høgskulen har kartlagt situasjonen til stipendiatane. Det er svært mange av oss som har fått utfordringar på ulike måtar. 

Frå koronaalarmen gjekk 12. mars og drygt ein og ein halv månad fram i tid hadde 91 prosent av stipendiatane hatt kontakt med rettleiaren sin. 90 prosent av desse var nøgd med hjelpa dei fekk. 

40 millionar frå regjeringa

I eit brev frå Kunnskapsdepartementet 17. juni kjem det fram at stipendiatar kan få utvida stipendet sit utover tilsettingsperioden om forseinkinga skuldast koronarelaterte årsaker. Forskingsrådet vil bidra til dette. Eit stipendiat går normalt over tre år, men kan vare i fire år der 25 prosent er pliktarbeid ved universitet/høgskulen. Det er denne tida stipendiatane no kan få utvida.

Regjeringa har foreslått å løyve 40 millionar kroner til stipendiatar og postdoktorar med finansiering frå private aktørar, som er blitt forseinka som følge av virusutbrotet.
 

Del på