Forsking på erfaringar med Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal

På oppdrag frå Møre og Romsdal legeforeining gjennomfører forskarar ved Høgskulen i Volda ei undersøking av erfaringar med Helseplattforma (HP) ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.

Sjukehus. Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto frå sjukehus: Shutterstock. Med lisens.

Tekst: Webmaster Volda, Foto: Shutterstock

- Oppdatert

Del på:

Det er viktig å få kunnskap om korleis Helseplattforma (HP) fungerer, frå dei som skal nytte systemet i sitt daglege virke. Eit spørjeskjema er difor sendt til sentrale faggrupper som har erfaring med innføringa av HP: legar, radiografar, andre profesjonar og ein del merkantilt tilsette.

Undersøkinga spør etter erfaringar med innføring og opplæring i HP, erfaringar med drift av HP og konsekvensar av HP, og undersøkinga har spørsmål om tillit og generelle vurderingar av HP.

Prosjektet blir gjennomført av fire forskarar ved Høgskulen i Volda, alle med lang erfaring frå forsking innan helse- og sosialsektoren: professor emeritus Kåre Heggen (prosjektansvarleg), professor Bjarte Folkestad, dosent Randi Bergem og professor emeritus Tor-Johan Ekeland.

For prosjektet er det svært viktig med god deltaking i undersøkinga, slik at ein får eit nøkternt og representativt bilete av erfaringar med Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal.

Forskargruppa tek sikte på å levere ein rapport frå prosjektet i første halvdel av vårsemesteret 2025.

Kontaktperson for prosjektet er Kåre Heggen.

Del på: