Seanse: Rekordmange søknader til kunstnaropphald i 2025
Kunstproduksjonssenteret Seanse, som held til ved Høgskulen i Volda, har fått heile 131 søknader med om lag 380 kunstnarar for kunstnaropphald i 2025.

No man is an Island - prosjekt frå kunstnaropphald 2024 med Pei-Han Lin & Hsin Mei Lin som har som mål å bygge bru over det geografiske og kulturelle gapet mellom Noreg og Taiwan gjennom eit innovativt og tverrfagleg initiativ kalt «No One Is an Island». Foto: Kristian Glomnes Selon.
Søknadene kjem frå eit breitt spekter av kunstformer som teater, dans, musikk, visuell kunst, performativ kunst, animasjon, dataspelformidling, verkstad og meir.
– Dette bekreftar Seanse si rolle som det einaste senteret i landet som tilbyr kunstnaropphald for prosjekt innan alle kunstsjangrar, og viser kor viktig det er å gi eit slikt tilbod for produksjonsstøtte og utvikling, melder Seanse i ei pressemelding.
Sosial og globalt engasjement
Årets tematikk for kunstnaropphaldet er sosialt og globalt engasjement, der Seanse ønskjer å utforske kunsten si rolle i å skape positive samfunnsendringar.
– Sjølv om vi oppmodar prosjekt med denne tematikken, er det ikkje eit krav for å bli valt ut, blir det presisert frå Seanse.
Kunstnaropphalda hos Seanse har sidan oppstarten i 2004 vore ei viktig støtte for både etablerte og nye kunstnarar – snart 1000 kunstnarar har delteke. Ved å tilby tid, rom og fagleg rettleiing har Seanse bidrege til utviklinga av ei rekkje kunstproduksjonar som har hatt stor betydning for både kunstnarane og publikummet deira.
- Les også: Global anerkjennelse av Marit Ulvund: en pris for å styrke kunstnere fra marginaliserte samfunn

Kunstnaropphald med stor betydning
Ein av dei som har opplevd dette på nært hald, er Nicolai Lopez, som var på kunstnaropphald i 2020 med prosjektet 3xHistorias:
– Eg kom til Seanse med stor nød i bagasjen. Vår venn var blitt trua på livet av nokre av verdas farlegaste gjengar i Guatemala fordi han underviste barn i dans. Berre nokre månader etter at vi fekk han til Noreg, blei vi tatt godt imot av Seanse, noko som gav oss rom og tryggleik til å utvikle prosjektet som skulle fortelje om dette. Fire år etterpå er framsyninga framleis på turné. Utan varmen, støtta, fasilitetane og kompetansen vi møtte hos Seanse, hadde vi ikkje fått laga nettopp denne framsyninga, som har blitt ei livslinje for ein kunstnar frå Guatemala. Utan støtta ville han blitt sendt tilbake til Guatemala, og då veit vi ikkje korleis historia hadde enda. Eller, vi har vel ei aning – vi tør berre ikkje tenkje på det, fortel Lopez.
I pressemeldinga melder Seanse at ser fram til å ønskje dei utvalde kunstnarane velkomne til utviklinga av nye og spennande kunstproduksjonar i åra som kjem.