Ny rapport: Undersøking om Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal
Tysdag 11. mars 2025 presenterte HVO-forskarar ei fersk undersøking av erfaringar med og vurderingar av Helseplattformen blant sjukehustilsette i Møre og Romsdal. Her kan du lese heile forskingsrapporten.

Illustrasjonsfoto frå sjukehus: Shutterstock. Med lisens.
Den mykje omtalte Helseplattformen blei innført ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal 27. april 2024. Ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda har no gjennomført ei undersøking av erfaringar med og vurderingar av Helseplattformen blant tilsette ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.
Undersøkinga byggjer på svar frå nærmare 700 tilsette og blei gjennomført i januar–februar 2025. Oppdragsgjevaren er Møre og Romsdal legeforeining.
Lang erfaring med forsking på sektoren
Forskingsrapporten frå undersøkinga blei lagd fram ved Høgskulen i Volda tysdag 11. mars med presentasjon frå forskarane og kommentarar frå legeforeininga (og moglegheit for strøyming).
Prosjektet er gjennomført av fire forskarar ved Høgskulen i Volda, alle med lang erfaring frå forsking innan helse- og sosialsektoren: professor emeritus Kåre Heggen (prosjektansvarleg), professor Bjarte Folkestad, dosent Randi Bergem og professor emeritus Tor-Johan Ekeland.