Forskingsdagane: Frå nynorsk hiphop til FoU-pris

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

I opningsarrangementet vil Endre Brunstad snakke om nynorsk hiphop, medan Side Brok vil demonstrere det.
Alle interesserte er velkomne kl. 12.30 i Berte Kanutte-huset, store auditorium.

SideBrokBondalseidet-078

FoU-prisen
Ei veke seinare vert Forskingsdagane i Volda avslutta med utdeling av FoU-prisen. Det er fyrste gong ein slik pris vert delt ut, og vinnaren vil få prisen under ei tilstelling  på biblioteket 29/9.

Etikk i pressa
Eit hovudtema for Forskingsdagane 2006 er etikk, og tilsette ved Avdeling for mediefag har tatt initiativ til eit dagsseminar med fokus på presseetikk. Torsdag 28/9 vil tolv tilsette gjennom korte foredrag ta for seg ulike sider av dette temaet.

Variert program
Det blir også fleire seminar retta mot studentar, barnehagetilsette, lærarar og HVO-tilsette:

  • Onsdag står studentane i fokus. På føremiddagen vil tilsette frå ulike fagmiljø vil fortelje korleis dei nyttar FoU-arbeid i si eiga undervising i lærarutdanninga.
  • Seinare på dagen kjem ressurslærar Frode Skjold frå Nysgjerrigper/Noregs forskingsråd for å lære både studentar og lærarar meir om Nysgjerrigper-metoden.
  • Torsdag vil Lila Moberg og tilsette frå Røysmarka barnehage snakke om erfaringar med bruk av data i barnehagen – og demonstrere bruk av dataprogram.
  • Torsdag er det også råd å kome seg på tur. Fagmiljøa kroppsøving og kunst og handverk inviterer til fag og forsking i havgapet, nærare bestemt på Yksnøya.

Forskingsdagane byr også på fleire foredrag:

Matkultur har vore eit fast innslag under Forskingsdagane i Volda. Om du legg søndagsturen til Volda bygdetun 24/9, vil du møte årets matkulturstudentar og få vere med på ulike aktivitetar knytt til matkultur og matlaging.

Les heile programmet på www.hivolda.no/forskingsdagane



Del på