Vil hjelpe fleire med å fullføre yrkesfag
Fråfallet i vidaregåande er størst blant yrkesfaglege elevar. No skal eit norsk-italiensk samarbeid få yrkeselevane betre gjennom utdanninga.
Trass i ambisiøse mål for meir gjennomføring i den vidaregåande skulen i Noreg er fråfall stadig eit problem. Størst er utfordringa på yrkesfag: Her sluttar nær 30 prosent av elevane undervegs i utdanningsløpet (ssb.no).
Men dette er ikkje eit særnorsk fenomen. Også i land som Italia er fråfall på yrkesfag ei hard nøtt å knekkje. No skal eit nytt FoU-samarbeid på tvers av Europa prøve å gjere noko med problemet.
Målet er å oppdage tidleg om yrkeselevar står i fare for å droppe ut av skulen, og å kome fram til nye tiltak for å redusere fråfallet.
To norske og to italienske samarbeidspartnarar
– Det begynte faktisk med ein tilfeldig prat på ferie i Montenegro, fortel professor Nathalie Homlong ved Høgskulen i Volda (HVO).
Slik oppstod kontakten mellom HVO og eit italiensk prosjektselskap som driv med EU-prosjekt, Ilmiofuturo. Over tid har dette blitt eit fruktbart, tverrfagleg samarbeid.
Mellom anna har studentar ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) fleire gonger vore på praksisutveksling i Italia.
Det nye samarbeidsprosjektet mot fråfall i vidaregåande har fått tittelen «Keep studying» og er støtta av EU-programmet Erasmus+.
Prosjekteigaren er Ørsta vgs., medan Adone Zoli, ein tilsvarande yrkesskule i Abruzzo-regionen i Italia, er den fjerde partnaren i FoU-prosjektet.
– Sidan Ørsta vidaregåande har lite erfaring med slike EU-prosjekt frå tidlegare, støttar eg dei i å leie prosjektet, fortel Homlong.
Elevintervju og ny app er mellom verktøya
Prosjektet starta i vår. I juni kom ein italiensk delegasjon til Sunnmøre, og nyleg var representantar frå Ørsta vgs. og HVO på vitjing ved yrkesskulen i Italia, som til liks med Ørsta mellom anna har ei kokkelinje – noko dei tilreisande fekk teste smakfulle bevis på.
I første fase av prosjektet gjorde forskarane ei undersøking med spørjeskjema til skulane og intervju av i alt 30 norske og italienske yrkeselevar som strevar på ulikt vis.
– Slik kan vi betre forstå kva utfordringane deira er. Det kan vere alt frå misnøye med skulevalet eller lærarane til sosiale vanskar i skulemiljøet, problem heime eller helseplager. Funna vurderer vi også i lys av relevant faglitteratur på feltet, fortel Homlong.
Ved den italienske skulen skal forskarane også prøve ut ein app dei utviklar gjennom «Keep studying»-prosjektet.
– Denne appen kan lærarar og sosialarbeidarar samarbeide om å bruke, til dømes for å fange opp betre om ein elev slit sosialt eller ikkje møter opp i bestemte fag. Relevante faresignal kan dei tilsette då få varsel om i appen og dermed ta tak i tidlegare, forklarer Homlong om intensjonen med det digitale verktøyet.
Resultata skal kome mange til gode
I andre fase av prosjektet, som er tenkt å vare til juni 2025, skal forskarane finne tiltaka som kan hjelpe endå fleire yrkeselevar med å fullføre vidaregåande utdanning.
– Dette kan gå på kva ein gjer for å førebyggje at elevar blir isolerte, korleis ein kan bidra til at dei finn seg venner blant medelevane, korleis ein forbetrar kontakten med heimen, og liknande, utdjupar Homlong.
Sidan «Keep studying» er eit Erasmus+-prosjekt, skal resultata kunne kome både norske, italienske og andre europeiske elevar til gode.
– Vi håpar at fleire på sikt kan ta i bruk appen for å oppdage tidleg om elevar er i faresona, før det er for seint og dei har «meldt seg ut», og at prosjektet vårt hjelper fleire skular enn våre to med å finne gode tiltaka mot fråfall. Dette skal vere verktøy som skular kvar som helst kan ta i bruk.
Inspirerer kvarandre på tvers
Samarbeidspartnarane frå to kantar av Europa ser både likskapar og skilnader i kultur og skulesystem. Og besøka inspirerer:
– Då italienarane kom til Ørsta, syntest dei vi hadde det fantastisk her. Og så skjedde det same då vi reiste ned dit – spesielt var dei frå Ørsta vgs. imponerte over kjøkkenet til den italienske skulen, smiler Homlong.
Ein større skilnad som kan spele inn på ulike årsaker til fråfall mellom landa, er at dei italienske yrkeselevane byrjar allereie når dei er 14 år gamle.
– Den tidlege skulestarten skaper så klart andre sosiale utfordringar, som at foreldra der speler ei større rolle i yrkesvalet til barna. Men vi har likevel mange nok felles faktorar til at forskingsprosjektet fungerer i begge landa.
«Keep studying» har så langt gitt både tverrfagleg og tverkulturell meirsmak. Frå HVO har Homlong med seg både IPAS-kollega og høgskulelektor Kari Hasle og høgskulelektor Ester Alnes Osnes ved Institutt for pedagogikk.
– Det er ikkje så mange FoU-prosjekt ved HVO der vi samarbeider på tvers av dei ulike avdelingane, så det er veldig kjekt å få jobbe tverrfagleg med denne tematikken, seier Homlong.
Og kulturforskjellane frå nord til sør?
– Det er fantastisk å få samarbeide med italienarane. Dei er så hyggjelege og hjartelege og legg så mykje i det dei jobbar med. Det inspirerer, og vi ser fram til å byggje vidare på denne kontakten, avsluttar Homlong.