Ny bok om skjebnen til norske jødar

HVO-dekan Jorunn Sem Fure har skrive historia om ein vanleg, jødisk familie i Skien som blei offer for holocaust. Høyr forfattaren i samtale om boka på høgskulebiblioteket 5. desember.

Jorunn Sem Fure, dekan ved Høgskulen i Volda.

Høyr forfattar Jorunn Sem Fure fortelje om boka Becker: Holocaust og hjemkomst i høgskulebiblioteket 5. desember.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Jorunn Sem Fure er dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, historikar og tidlegare museumsdirektør i Skien. Nyleg gav ho ut boka Becker: Holocaust og hjemkomst (Museumsforlaget), som har fått si eiga utstilling ved Telemark museum.

I boka kastar Sem Fure lys over den dramatiske historia til den jødiske familien Becker i Skien – før, under og etter andre verdskrigen. Kjøpmannen David Becker og broren Louis blei begge myrda i Auschwitz, medan Davids kone og tre barn slapp unna til Sverige med knapp margin. Etter krigen blei livet deira i Skien aldri det same.

høgskulebiblioteket 5. desember kl. 11.30 kan du høyre forfattaren fortelje om boka i samtale med biblioteksjef Mariann Schjeide ved Høgskulen i Volda (HVO).

Viser at vegen frå haldning til handling kan vere kort

– Ved Telemark museum i Skien, der eg var direktør i mange år, formidla vi lokale historier frå andre verdskrigen. Då oppdaga eg at det verserte mange mytar og versjonar av historia om byen sin einaste jødiske familie og skjebnen deira. Å forske for å få fram meir kunnskap som basis for formidlinga blei derfor ein sterk motivasjon for meg, fortel Sem Fure.

Åtti år har gått sidan dei dramatiske okkupasjonsåra, og stadig færre nordmenn kan fortelje om hendingane med førstehands kunnskap. Sem Fure meiner det er viktig å fram at samanhengen mellom haldningar og handlingar kan vere kortare enn ein trur.

– Negative førestillingar om menneske som på eit eller anna vis skil seg frå majoriteten, kan senke terskelen for nokon til å gripe til vald, og like farleg: redusere sympatien for offera og evna og viljen til å gripe inn for dei det ikkje vedkjem direkte.

Sterkt møte med tidsvitne

Forfattaren fortel at den største utfordringa i arbeidet med boka var å finne tilstrekkeleg dokumentasjon.

– Kjeldene teier gjerne akkurat der ein som historikar gjerne skulle ha visst meir! Men når det er sagt, fann eg også overraskande mykje ukjent og spennande materiale då eg først byrja å leite.

Arbeidet med boka sette spor etter seg undervegs for den erfarne historikaren.

– Sterkast inntrykk gjorde møtet med Sonja Becker (fødd 1931), som eg besøkte i heimen hennar i Göteborg for nokre år sidan. Ho kunne fortelje om hendingar som om dei fann stad i går.

Korleis håpar du denne boka blir lesen?

– Eg håper ho blir lesen som eit utfyllande stykke av den felles historia vår, som tydeleggjer korleis store hendingar som verdskrig, okkupasjon og folkemord greip direkte og katastrofalt inn i livet til ein familie og fekk følgjer for eit helt lokalsamfunn, avsluttar bokaktuelle Jorunn Sem Fure.

Del på: