Desse blei professor på same dag
Det er sjeldan kost at studiebygda Volda får tre nye professorar samtidig. Mathias Nygaard, Marit Ulvund og Jonas Gamborg Lillebø har alle nådd milepålen.
Aldri før har heile tre tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) oppnådd toppkompetanse på ein og same dag.
La det vere sagt: Eit opprykk til professor er ikkje gjort i ei handvending – vi kan nesten kalle det «svart belte i akademia».
Det er derfor heilt på sin plass å peike mikrofonen mot den nye professortrioen Mathias Nygaard og Jonas Gamborg Lillebø ved Institutt for religion og livssyn og Marit Ulvund ved Seanse (Avdeling for kulturfag).
– Som å stå på siste eksamen
– Det var ein kjekk beskjed å få. Det var fint å bli forstått og vurdert av dyktige kollegaer, fortel professor Jonas Gamborg Lillebø.
Vi fall sjølvsagt for freistinga til å stille idrettsspørsmålet «Kva føler du no?» til alle tre.
– Det første var at eg måtte takke kona mi, Magdalena, og alle andre som har hjelpt meg på vegen hit. Sjølv om fagleg arbeid kan være einsamt til tider, er det umogleg å gjennomføre utan gode støttespelarar, fortel professor Mathias Nygaard.
Professor Marit Ulvund fortel at den første følelsen var ein lette:
– Det var som å stå på siste eksamen, og det var deilig! Eg reknar det som eit av dei store privilegia eg har fått i livet, at eg har fått ei såpass omfattande utdanning, og at eg får fortsetje å lære.
– Ligg mykje hardt arbeid bak
Dei tre HVO-kollegaene kan frå no av signere med den høgthengande tittelen «professor». Vi spør kva denne milepålen betyr for dei.
Marit Ulvund: – I kvardagen betyr det ikkje så mykje å vere professor, men eg har fullført eit løp, på eit vis, og det kjennest godt! Dessutan kan det moglegvis bety noko for søknader om forskingsmidlar og eksterne oppdrag.
Jonas Gamborg Lillebø: – Eg har jobba for dette ein del år, så det betyr jo sjølvsagt ein god del å «få det til». Det er mykje hardt arbeid som ligg bak. Som filosof kan eg ikkje dy meg for å gje eit filosofisk svar også, sjølvsagt. Det filosofiske svaret er då at ein lever framlengs, men forstår baklengs. Kva noko betyr, veit ein først seinare.
Mathias Nygaard: – Ofte blir vegen til mens ein går, og det er ikkje alltid lett å sjå kvar ferda fører. Iblant gjer ein feil og må begynne på nytt. Men plutseleg har ein passert ein slik milepåle. Det betyr vel at noko av det eg har gjort, blei riktig.
Fascinasjon, medråderett og indre drivkraft
Tidsklemme og hamsterhjul er kjende storleikar i dei fleste yrke. Men kva motiverer nokon til å jobbe seg heilt fram til å bli professor?
Mathias Nygaard: – Eg synest fagområdet er utruleg fascinerande. Eg er naturleg nysgjerrig og likar å følgje spørsmål så langt det går. Studiet av religion og filosofi kan avdekkje djupe menneskelege sider, som kva menneske i ulike tider og kulturar har håpt på, frykta, eller sett på som viktigast i livet. Menneske er alltid interessante, men eigentleg umoglege å fullt ut forklare. Denne djupna og variasjonen har gjort at det alltid finst nye spørsmål å ta tak i.
Marit Ulvund: – Eg hadde ingen tankar eller planar om å bli professor då eg begynte å arbeide i akademia. Men det gjekk opp eit lys for meg då eg ein gong oppdaga at vi frå kunstfaga var uaktuelle som deltakarar i eit stort forskingsprosjekt knytt til grunnskulen. Då skjønte eg at eg måtte kvalifisere meg til å vere med og bestemme kva det skal forskast på og skrivast om. Med fire eigne barn i skulen den gongen kjendest det veldig viktig! Gjennom doktorgraden lærte eg forskingsmetodar og verktøy, og sidan har det kome nye spørsmål eg har ønskt å finne ut av, ikkje minst knytt til å lære gjennom kunstnariske prosessar. Forskingsopphalda i USA og Australia har også betydd mykje. Både som forskar, lærar og mentor trur eg at nysgjerrigheit og uthald er viktig. Dessutan motiverer det meg å telje timar og sjå kor mykje eg arbeider med forsking og med anna – det hjelper meg å prioritere arbeidstida!
Jonas Gamborg Lillebø: – Det som motiverer, er problemstillingane ein får jobbe med, bøkene ein får lese, og samtalane ein får ha med andre. Kompetansen ein oppnår, er på ein måte eit «ytre» uttrykk eller ein konsekvens av ei «indre» drivkraft knytt til lesing, diskusjon, tenking, samtale. Det er kjekt med formell anerkjenning, men den indre drivkrafta er motoren i dette. Trass i at filosofi vert oppfatta, delvis med rette, som noko teoretisk, er motivasjonen min og interessa mi knytt til aktuelle problemstillingar i samtida og korleis dette heng saman med kulturen og historia.
Kjem både studentar, fagmiljø og samfunnet til gode
Eit professoropprykk har også ringverknader for fagmiljøet rundt den som har oppnådd toppkompetanse, både kollegaer og studentar.
Jonas Gamborg Lillebø ser verdien i samanheng med HVOs ferske doktorgradstilbod Utdanning, språk og kultur:
– I lys av ny ph.d. betyr det mykje at ein har folk med så høg kompetanse som mogleg. For meg er det fint å vite at kompetansen min kan vere til hjelp for HVO, avdelinga mi og instituttet. Eg vonar også at kompetansen min vil kome til nytte for studentar eg underviser i klasserommet og rettleier på oppgåver og avhandlingar.
Professorkollega Mathias Nygaard stemmer i:
– Saman med Jonas og dei andre dyktige kollegaene viser opprykk at vi som fagmiljø har den tyngda som trengst for å forske på det nivået samfunnet forventar av oss, og vidare at vi kan tilby solid, forskingsbasert undervisning.
Marit Ulvund peikar på kva fagtyngda betyr for utviklinga av kunstfeltet ho jobbar med:
– Ein viktig del av arbeidet mitt ved Seanse er å vere mentor for kunstnarar. Eg har kunstnarisk og fagleg erfaring, og etter kvart også ord å setje på denne erfaringa. I møte med andre sine kunstproduksjonar opplever eg å kunne gi kvalifiserte innspel og samtidig få innsikt i kva kunstnarane er opptekne av. Gjennom forskinga kan eg også bidra til feltet, for eksempel å vise korleis deltaking i kunstpraksis kan bidra til læring og ferdigheiter dei unge vil trenge i framtida.
Forskar vidare på menneskesyn, filosofi og kunst for barn
Sjølv om professortittelen er prikken over den akademiske i-en, er dei tre forskarane no svoltne på å fordjupe seg ytterlegare i faget sitt.
– Eg har fleire påbegynte prosjekt som eg skal prøve å fullføre. Mange av desse handlar om menneskesyn i ulike kontekstar, altså korleis vi tenkjer om og framstiller oss sjølve. Eg håpar også at eg kan inspirere studentar til å sjå seg sjølve og vera med nye auge, fortel Mathias Nygaard.
Kollega Jonas Gamborg Lillebø har også flust med idear på kort og lang sikt:
– Eg har fleire pågåande prosjekt knytte til tematikkar i skjeringspunktet mellom historie og filosofi, mellom litteratur og filosofi, i pedagogisk filosofi, migrasjonens filosofi og politisk teologi. Eg har utvikla mykje av forskinga mi gjennom å undervise og gjennom arbeidet med å utvikle emne i tema som interkulturell forståing, religion og samfunn, sekularisering og mangfald, integrering og eksklusjon. Diskusjonen med kollegaer og responsen frå studentar har fleire gonger vore ein drivar for at eg har utvikla forskingsprosjekt. Så dette har blitt del av ein slags forskingsmetode eg kjem til å halde fram med.
Marit Ulvund ønskjer særleg å jobbe vidare med to forskingsprosjekt framover:
– I det kunstnariske forskingsprosjektet Min Barndom undersøkjer og samanliknar vi barn sine uttrykk for barndom. Målet er å samle kunnskap om korleis barn opplever livet og barndommen på 2020-tallet, og kva dei er engasjerte i og opptekne av. Vi har skuleklassar i fleire land og planlegg no besøk i mellom anna USA, Sør-Korea og ein flyktningleir i Sudan. Vi har også søkt midlar til det nye forskingsprosjektet #Ungkunst & Framtidshåp – kunstfortellinger om identitet, bærekraft og radikalt håp, som byggjer vidare på eit spennande samarbeidsprosjekt i 2022–23. I ei tid med klimakrise er det transformative potensialet til kunst, kultur og kreativitet drivkrafta for dette internasjonale prosjektet, og eg håpar vi klarer å skaffe midlar til å gjennomføre det.