Går i bresjen for akademiske verdiar
Professorar og dosentar frå alle avdelingane ved høgskulen har skipa sitt eige forum. Dei toppkompetente ønskjer å ta eit særskilt ansvar for å verne akademiske og demokratiske verdiar under press.
I haust har ei gruppe fagtilsette med toppkompetanse ved Høgskulen i Volda (HVO) gått saman om å skipe Akademisk forum – for professorar og dosentar ved HVO.
Denne veka møttest 16 av dei for å løfte arbeidet vidare, drøfte aktuelle saker for forumet framover og vedta statuttar (sjå nedst).
For å setje søkjelyset på aktuelle tema for forumet heldt professor emeritus Tor-Johan Ekeland føredraget «Vekst og forvitring i akademia» under møtet onsdag 20. november. Dette var den andre samlinga i det nye forumet etter skipingsmøtet i september.
Vil løfte fri forsking, fagleg autonomi og kompetanse
Akademisk forum ved HVO blir leia av eit arbeidsutval frå heile fagbreidda ved høgskulen: dosent Arne Kåre Topphol og professorane Rolf Werenskjold, Helga Synnevåg Løvoll, Nathalie Homlong, Siv M. Gamlem og Stig Jarle Helset.
I eit landskap med akademiske og demokratiske verdiar under press – både internasjonalt, nasjonalt og lokalt – er det stor semje blant dei toppkompetente kollegaene om behovet for forumet.
Dei ønskjer både å styrkje HVOs akademiske profil som ein liten institusjon og vareta samfunnsoppdraget HVO forvaltar. Professorane og dosentane meiner dei har eit særskilt ansvar for å verne og fremje verdiane som er under press.
Målet er å løfte akademiske fellesinteresser som fri forsking, fagleg autonomi og vektlegging av fagleg kvalitet og kompetanse i utdanningane og i forskinga. Både drøftingar i forumet, breiare debattmøte og innspel til leiinga er aktuelle tiltak.
Må ha kvalitet i alle ledd
– Noko av hovudpoenget med forumet er at vi ikkje skal etablere eit professorvelde, men setje søkjelyset på aktuelle problemstillingar, også ved vår eigen institusjon, seier Rolf Werenskjold i arbeidsutvalet, og held fram:
– Dette betyr ikkje at vi treng å vere einige om ting, men vi skal diskutere det i god akademisk tradisjon, og vi skal bidra til å motverke ein breiare tausheitskultur.
Det er ikkje skrive i stein kor ofte forumet blir samla, men dei tek sikte på å halde aktiviteten oppe og kalle inn til møte når dei finn det relevant.
Siv M. Gamlem peikar på styrken som bur i det å dele erfaringar på tvers av fagområda:
– At vi som ein liten institusjon får til det vi blir målt på, er viktig, men det er også viktig at vi både har og skaper fridomen til å diskutere og meine.
Werenskjold kallar forumet eit forsøk på å aktivere den kunnskapen som dei toppkompetente ved HVO har:
– Sånn sett ønskjer vi å forme institusjonen vi er ein del av. Vi kan ikkje berre ha eit isolert perspektiv på det vi sjølve forskar på.
Stig Helset understrekar også at forumet for professorar og dosentar kan spele ei viktig rolle i eit større bilete:
– Det er eit formål å diskutere kva vi kan bidra med, særleg med tanke på å auke forskingsaktiviteten ved ein mindre og sårbar institusjon som HVO trass alt er.
– Vi må ha kvalitet i alle ledd – enkelt og greitt, avsluttar Gamlem.
Forumet vedtok følgjande statuttar 20. november 2024:
- Skape medvit om akademiske, demokratiske og etiske verdiar og vere på vakt når desse er trua ved HVO
- Arbeide for ein styrkt forskingskultur ved HVO
- Arbeide for at kompetanse og kvalitet i master- og ph.d.-programma vert utvikla og halde ved like, og bidra til forskingskvalitet og forskingsbasert undervisning og rettleiing ved alle utdanningar
- Arbeide for ein intern forskingspolitikk som tildeler midlar basert på faglege vurderingar
- Arbeide for ein meir forskings- og fagorientert tilsettings- og rekrutteringspolitikk