Forskingspris til prosjekt som starta i Volda
– Det begynte medan eg arbeidde ved Høgskulen i Volda, skriv prosjektleiar og INN-professor Anders Aschim etter å ha teke imot årets forskingspris ved Universitetet i Innlandet (INN).
FAITHED – ikkje-formell trusopplæring, offentleg skule og religiøse minoritetar i Noreg er eit tverrfagleg prosjekt med forskarar frå fleire institusjonar, mellom anna tre forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO).
I 2021 pangstarta prosjektet med ei løyving på rundt 12 mill. kr frå Forskingsrådet, og prosjektperioden varer til 1. oktober 2025. Prosjektleiar er Anders Aschim, professor ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk på Universitetet i Innlandet (INN) og tidlegare HVO-professor.
Målet for prosjektet har vore å bidra til å utvikle teoriar og omgrep knytte til utdanning og religiøst mangfald. Med blikk for erfaringane og perspektiva til aktørar i ulike former for religionsopplæring har prosjektet vilja bidra til betre forståing av korleis kunnskap om religion blir skapt i eit mangfaldig samfunn. Å utvikle metodar for å la barn og unge sine stemmer kome til orde har også vore eit viktig mål.
Søking og forsking har skapt tette band på tvers
Forskingsprisen fekk FAITHED-prosjektet under årsfesten ved INN, som også markerte overgangen frå høgskule til universitet i Innlandet.
Om pristildelinga skriv INN at prosjektet skårar høgt på nytenking og nybrottsarbeid på eit relativt uutforska område samtidig som organiseringa av prosjektet skårar høgt på fleire variablar for eksemplarisk forskingsorganisasjon.
– Gjennom åra har det å søkje om midlar, og ikkje minst det å forske saman, bidrege til tette band mellom forskarar og institutt på tvers av fleire institusjonar, fortel HVO-førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive om FAITHED-prosjektet.
Ho utgjer trekløveret av FAITHED-forskarar frå HVO saman med timelærar og instituttkollega Marianne Hustvedt ved Institutt for religion og livssyn og dosent Lars Julius Halvorsen ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag.
Eit stort samarbeid som begynte i Volda
I ein skriftleg takketale, som INN har referert på nettsidene sine, fortel prosjektleiar Anders Aschim mellom anna om korleis det heile begynte medan han arbeidde ved HVO:
– Takk til Høgskulen i Volda, som gjennom såkornmidlar finansierte den første søknaden til Forskingsrådet om eit større prosjekt. Det tok fire forsøk før vi fekk løyving til FAITHED-prosjektet i 2021, dei to første sendt frå Volda, dei to siste frå Innlandet.
Vidare skriv Aschim mellom anna at prosjektet blei utforma i eit kollektivt samspel mellom kollegaer i Hamar og i Volda:
– Og sist, men ikkje minst: Ein stor gratulasjon og takk til det fantastiske FAITHED-teamet av religionsforskarar, samfunnsforskarar og utdanningsforskarar som eg får lov til å arbeide saman med: Ånund Brottveit (KIFO), Nora S. Eggen (INN/UiO), Marta Bivand Erdal (PRIO), Lars Halvorsen (Volda), Vebjørn L Horsfjord (INN/VID), Marianne Hustvedt (Volda), Anne Grethe Kjelling (INN), Ole Kolbjørn Kjørven (INN), Hildegunn Valen Kleive (Volda), Marianne Friisberg Larssen (PRIO/INN/UiO), Synnøve Markeng (INN), Thor-André Skrefsrud (INN). Prisen er til dykk. Den skal nyttast på INN, men vi skal saman finne ut korleis.