Jane Austen for første gong på nynorsk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Jane Austen (1775-1817) er  ein av dei aller mest feira forfattarane i verda. Dei seks hovudverka hennar er rekna som del av den litteraturhistoriske kanon. Bøkene blir stadig omsett, og alle har vore grunnlag for mange teater-, radio-, film- og fjernsynsadaptasjonar. Professor Marie Nedregotten Sørbø ved Høgskulen i Volda har no omsett romanen «Northanger Abbey» til nynorsk.

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda (HVO). Ho har doktorgrad på Jane Austens forfattarskap, og har skrive bøker og artiklar om romanane og korleis dei blir tolka på film og i omsetjing.  Sørbø har tidlegare omsett faglitteratur frå engelsk til norsk, men «Northanger Abbey» er hennar første litterære omsetjing. Boka vert utgitt på Skald forlag.

Marie N Sørbø
Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda.

Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen «Pride and Prejudice», men også «Northanger Abbey» vert rekna blant dei seks hovudverka hennar. «Northanger Abbey» var mellom dei tidlege arbeida hennar på 1790-talet, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død.

Satire over overklasselivstil og kjønnsroller

I «Northanger Abbey» møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka Mysteria på Udolpho av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor.

Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen.

«Northanger Abbey» er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.

Del på