Tre HVO-forskarar i ny storsatsing på fagspråk

Forskingsrådet løyver 80 millionar kroner til eit nytt, nasjonalt forskingssenter for fagspråk. Tre forskarar i Volda er mellom samarbeidspartnarane i senteret: No ventar åtte år med full forskingsinnsats for å rotfeste det norske språket i Framtids-Noreg.

HVO-forskarane Stig J. Helset, Randi Neteland og Tor Arne Haugen får blomar for deltaking i nytt senter for fagspråk.

Den store løyvinga frå Forskingsrådet blei markert med blomar frå Forskingsadministrasjonen ved høgskulen. Dei neste åtte åra skal HVO-forskarane (f.v.) Stig J. Helset, Randi Neteland og Tor Arne Haugen bidra i ei ny storsatsing på norsk fagspråk. Foto: Høgskulen i Volda / Vilde Moltudal Igland.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Nyleg blei det klart at Noregs forskingsråd tildeler 80 millionar kroner over åtte år til ei storstilt satsing ved Universitetet i Bergen (UiB). Under leiing av førsteamanuensis Marita Kristiansen skal UiB opprette eit senter for norsk fagspråk og samle språkvitskaplege miljø i Noreg.

Målet med det nye senteret er å utvikle og styrkje norsk fagspråk i høgare utdanning, arbeidsliv og samfunnet elles og dessutan utvikle utdanningstilbod.

– Eit gjennombrot for fagspråk i Noreg, seier senterleiar Kristiansen i ei pressemelding frå UiB.

Høgskulen i Volda (HVO) er mellom samarbeidspartnarane i senteret, og delar av den omfattande løyvinga går til at tre HVO-forskarar deltek i senteret: professor Tor Arne Haugen, førsteamanuensis Randi Neteland og professor Stig J. Helset.

Viktig å styrkje posisjonen til det norske språket

– Vi er særs glade for å medverke i det nye senteret for norsk fagspråk med tre forskarar dei neste åtte åra. Det er svært viktig for Noreg at det no blir satsa på å styrkje det norske fagspråket og arbeidsspråket i både akademia og samfunnet elles, seier ein glad HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim om tildelinga.

Regjeringa la i 2023 fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Bakteppet for tildelinga er altså at det skal satsast på å oppretthalde norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg.

I løyvinga deler Forskingsrådet ein pott på totalt 120 millionar kroner mellom to nye senter – dei resterande 40 millionane går til Universitetet i Oslo (UiO) ved professor Unn Røyneland, som opprettar eit senter innan språkteknologi og fagspråk. Begge sentera samarbeider med fleire forskingsinstitusjonar.

Kor stor del av løyvinga på 80 millionar kroner som går til HVO som samarbeidspartnar, er ikkje avklart slett enno. Men dei neste åtte åra går HVO inn i senteret ved at dei tre forskarane både får frikjøpt tid med tildelinga og bruker av forskingstida dei har i stillingane sine ved høgskulen.

Hentar inn Volda-forskarar med ettertrakta kompetanse

I Volda kan tre oppstemde språkforskarar no leggje spennande langtidsplanar.

– Dette var veldig gledelege nyhende å få frå Forskingsrådet, for allereie bak søknaden ligg det eit stort arbeid. Vi må vel innrømme at vi hadde håpt på at heile løyvinga gjekk til UiB-senteret, men 80 av 120 millionar kroner til vårt prosjekt er likevel stor stas, seier Helset.

Professoren legg til at fagmiljøet i Volda blei direkte invitert av teamet som jobba med sentersøknaden i Bergen, fordi dei visste at HVO hadde den kompetansen som prosjektet trong.

HVOs bidrag er forankra i strategiplanen til høgskulen, der det heiter at HVO tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur. Det aktuelle fagmiljøet har derfor blitt tildelt strategiske satsingsmidlar i lengre tid, og gjennom senterdeltakinga søkjer høgskulen både meir forsking og eit sterkare nettverk på fagfeltet.

Fordjupar seg i ordbokarbeid og allmennspråket

Kort fortalt skal Haugen, Helset og Neteland bidra i forskinga på høvesvis ordbokarbeid, språknormer og bruk av språkressursar.

Prosjektet til senteret er lagt opp som fem arbeidspakkar, og dei tre HVO-forskarane skal alle bidra innanfor arbeidspakken «Leksikografi og allmennspråk». Dei resterande er «Terminologi og fagspråk», «Fagspråk i utdanning og arbeidsliv», «Namnegransking» og «Språkteknologi». Særleg sistnemnde vil gå litt på tvers av alle temaa.

Kva ser de mest fram til å få jobbe med som del av senteret?

– Det er jo å få høve til å bruke meir tid på akkurat dei temaa, dei problemstillingane og det materialet som interesserer oss mest – at vi med dette får ekstra forskingstid til å fordjupe oss på spesialfelta våre, seier Randi Neteland.

Det er for tidleg for dei tre språkvitarane å seie så mykje om kva som kan kome ut av den store forskingssatsinga.

– Men vi må håpe at det blir solide og gode resultat som kan brukast til det beste for norsk fagspråk i tida framover, seier Tor Arne Haugen.

For Haugens del opnar senteret ei dør til å få fordjupe seg i leksikografi (utarbeiding av og forsking på ordbøker) for første gong.

– Men eg har jobba mykje med sider ved grammatikk som er veldig relevante for leksikografi, så dette ser eg fram til å få samarbeide med fagmiljøa i Bergen om, seier professoren om vestlandsbyen der mellom anna Termportalen, Stadnamnportalen og Nynorsk- og Bokmålsordboka blir forvalta.

Dette skal HVO-forskarane jobbe med i det nye senteret

  • Professor Tor Arne Haugen vil bidra innanfor forskingsfeltet leksikografisk teori og metode. Ei sentral oppgåve her blir å undersøkje korleis leksikogrammatisk teoriutvikling og systematisk bruk av kvalitetssikra språkressursar kan støtte opp under nasjonalt leksikografisk arbeid.
  • Professor Stig J. Helset vil bidra innanfor forskingsfeltet normvariasjon. Ei sentral oppgåve her blir å undersøkje variasjonsmønster i dei operative normene i bokmål og nynorsk slik dei nedfeller seg i kvalitetssikra språkressursar.
  • Førsteamanuensis Randi Neteland vil bidra innanfor forskingsfeltet integrering og tilgjengeleggjering av språkressursar. Ei sentral oppgåve her blir å undersøkje korleis ein kan utforme nye og tilgjengeleggjere eldre språkressursar for moderne språkforsking.

Skal få fram forsking som blir brukt i samfunnet

Sjølv om trioen Neteland, Haugen og Helset er dei som blir direkte involverte i forskingsmiljøet til senteret, er dei tydelege på at deltakinga kan kome fleire til gode dei neste åtte åra.

– For masterstudentane i skriftkulturar blir dette forskingsprosjektet veldig relevant – både det vi skal jobbe med, og andre arbeidspakkar. Her blir det gode moglegheiter for masterstudentane å knyte seg til forskinga, og sjølve får vi mykje ny kunnskap å formidle til Volda-studentar, seier Neteland.

– Og sjølvsagt vil senteret også bli høgst relevant for HVOs eigne, komande ph.d.-studentar i utdanning, språk og kultur, legg Helset til.

I pressemeldinga frå Forskingsrådet seier områdedirektør Benedicte Løseth at Noreg treng sterke fagmiljø på norsk som fagspråk fordi dette har vore under press dei siste tiåra, og at sentera skal styrkje fagfelta og bidra til bruk av denne forskinga i utdanning og samfunnet.

HVO-rektor Tonheim ser også mange gevinstar ved at HVO deltek i det nye UiB-leia forskingssenteret for fagspråk:

– Dette er ei viktig anerkjenning av kvaliteten i språkforskarmiljøet vårt i Volda. Deltakinga til HVO i det nye senteret kan skape mange positive ringverknader for både utdaningane våre og den tverrfaglege forskinga ved HVO.

Del på: