Leia og tok del i internasjonal paneldebatt i Athen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Professor Marie Nedregotten Sørbø og førstelektor Marit Brekke frå Høgskulen i Volda var sentrale i eit panel under ein forskingskonferanse støtta av EU-midlar.

Dei tok del under den store årskonferansen for DARIAH-EU i Athen tidlegare i juni. Her er programmet.
 
DARIAH-EU er ein paraply som samlar fleire nettverk, prosjekt og arbeidsgrupper innanfor digital humaniora-forsking i mange ulike fag. Ei av desse gruppene er Women Writers in History, der professor Marie Nedregotten Sørbø ved Høgskulen i Volda (HVO) sit i leiinga. Digital humaniora er omgrepet for humanistisk forsking og undervisning som bygger på digitale reiskap og metodar. 

Kvinner i norske lærebøker 

Årskonferansen hadde ‘Storytelling’ som tema dette året, og panelet vårt ‘Telling the story of women’s literary participation: From data to database history’ var eit av dei heldige som blei utvald til å kome med i programmet. Panelet var sett saman av tre paper, eitt av dei ved førstelektor Marit Brekke frå HVO. Hennar paper bygde på det pågåande Ph.D.-arbeidet hennar om kvinner i norske lærebøker, og hadde tittelen ‘Harnessing digital tools to tell the story of women’s literary participation before 1930’.

PS! Desse dyktige damene, Brekke og Sørbø, underviser i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Det er framleis mogleg å begynne å studere i Volda til hausten – det gjeld også språk og litteratur-studium. Fleire av dei vil det vere mogleg å søke på frå 20. juli.

Sjekk ut alle språk og litteratur-studia her.

Forskarar i Athen
Tre som nyt ein pause i sola på trappa under konferansen i Athen: Alicia Montoya (f.v.), Marit Brekke og Marie N. Sørbø.

Sørbø som panelleiar

Dei to andre innlegga var ved andre medlemmar i Women Writers in History. Det var professor Amelia Sanz frå Complutense- universitetet, Madrid, og professor Alicia Montoya saman med student Gabrielle Kamphuis frå Radboud-universitetet i Nederland. Panelet og diskusjonen etterpå blei leidd av professor Marie Nedregotten Sørbø, og programmet blei strøyma til deltakarar over heile Europa.
 
Til saman dreidde dette panelet seg om å vise fram fleire tiår med litteraturhistorisk kvinneforsking og database-oppbygging, vurdere aktuelle problemstillingar og framtidige løysingar på dei. 

Har funne 7800 skrivande kvinner

Nettverket sin database NEWW Women Writers skal finne ei ny form i komande periode for å sikre den samla kunnskapen for framtidige brukarar. 

Databasen inneheld i dag om lag 7800 skrivande kvinner frå tida før 1930, og dokumenterer dei mange namna som hadde innflyting på kulturen i si eiga tid, sjølv om dei ofte urettmessig er gløymde i dag. Her er det samla kunnskap frå historiske kjelder i mange land, særleg europeiske, og det er kunnskap som bør kome samfunn, skule og kultur til gode i komande år.
 

Del på