Nasjonal konferanse på Høgskulen i Volda: Utforska moglegheiter og utfordringar i kunst- og handverksfaget

Femti engasjerte fagfolk diskuterte utviklinga av lærarrolla i forming, kunst og handverk på ein nettverkskonferanse i Volda. Sentralt i diskusjonane var utfordringane og moglegheitene i faget.

Mann som held innlegg på konferanse og folk som høyrer på

Plenumsforedrag ved professor emeritus Peder Haug ved HVO. Foto: Yrjan Olsnes

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Konferansen samla rundt femti engasjerte fagfolk frå heile landet for å dele erfaringar og forsking. Eit viktig fokus for konferansen var skulefag og praksis og dessutan kva som må til for å gjere kunst- og handverksfaget synleg og aktuelt.

– Det er tydeleg at skulefaget står overfor utfordringar, men at det bognar med fagleg interessante praksisar og prosjekt i høgare utdanning i Noreg. Med sterkare vektlegging av den praktiske fagkunnskapen kan ein styrke faget og gjere det meir relevant for elevane, seier professor Karen Brænne og førstelektor Janne Heggvoll, som har hatt lokalt ansvar for konferansen ved Høgskulen i Volda (HVO).

Konferansetemaet «Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter» vart belyst som viktig fordi læraren spelar ei nøkkelrolle i korleis faget blir opplevd og forstått av elevane.

Spanande foredrag om praktisk undervisning og lærarstrategiar

Professor emeritus Peder Haug ved HVO peika i plenumforedraget sitt på at faget har fått ei svekt rolle i skulen, mellom anna fordi den praktiske sida blir utfordra av teoretiske og akademiske ambisjonar.

Eva Lutnæs, professor i fagdidaktikk ved OsloMet og lærar ved Ener ungdomsskule, presenterte korleis lærarar i faget løyser undervisningssituasjonar på ulike måtar. Ho viste korleis lærarar nyttar forskjellige strategiar for å takle utfordrande rammefaktorar, og diskuterte tilhøvet mellom lærar og skule som organisasjon.

Fem teikningar på vegg i utstilling
Kunstutstilling på Berte Kanutte. Foto: Yrjan Olsnes

Rosar fagmiljøet innan design, kunst og handverk ved HVO

Dei besøkande var imponerte over dei flotte studentarbeida som var utstilte under konferansen. Fleire syntest verkstadane ved HVO var spesielt godt rigga: skarpe knivar og hoggjarn og dessutan god organisering. Det er heller ikkje vanleg i Lærarutdannings-Noreg at ein har eigen verksmeister!

I tillegg til varierte innlegg på fire parallellsesjonar og mikroverkstadar vart det lagt vekt på å skape ei god stemning med fleire utstillingar og sosialt samvær. Musikalske innslag på begge konferansedagane bidrog til å gjere det faglege fellesskapet meir levande.

– Vi er glade for at konferansen vart så bra, og vil rose våre dyktige og hjelpsame kollegaer ved Institutt for design, kunst og handverk, seier Karen Brænne og Janne Heggvoll.

  • Konferansen var arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) i samarbeid med Høgskulen i Volda. Du kan lese meir om KKS her.
Bilder utstilt på vegg og keramikkarbeid utstilt på eit bord
Kunstutstilling på Kaarstad. Foto: Yrjan Olsnes

Del på: