Ni av ti stipendiatar gir toppkarakter på rettleiing

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Stipendiatane på ph.d.-studiet i helse og sosialfag set stor pris på rettleiinga dei får i doktorgradsarbeidet sitt. Ein del av suksessen kan ein truleg takke eit sosialt og fagleg forum, som har blomstra dei tre siste åra, for.

Ph.d.-studium i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling vart starta opp som et samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskolen i Molde i 2015. Dei første kandidatane har blitt ferdig med doktorgradsarbeidet sitt og disputert, og i tida framover vil det kome nye disputasar jamt og trutt.

Svært gode tal

Tilbakemeldingar og rettleiingar frå fagtilsette ved høgskulane er heilt essensielt for at ein stipendiat skal kome seg gjennom doktorgradsarbeidet og disputere. Innhaldet, kvaliteten, kor ofte og kor lett tilgjengeleg rettleiing er, kan vere faktorar som speler inn på korleis stipendiatane opplever rettleiinga.

I ei undersøking frå 2019 svara 87 prosent av stipendiatane ved ph.d.-studiet i helse og sosialfag at dei var fornøgd eller svært fornøgd med rettleiinga dei får.

– Om ein legg til at ingen svara at dei var misfornøgd, er dette tal vi kan klappe oss sjølve litt på skuldra for, seier Kjartan Leer-Salvesen, professor ved HVO.

Lite og nært

Leer-Salvesen har sine tankar om kvifor stipendiatane er så godt nøgde.

– Eg trur mykje av dette kan knytast til Metodeforum. Det er ein arena der det er lett å få rettleiing og kome i kontakt. Det skal det vere utanom foruma også. Vi er motvekta til dei store doktorgradsprogramma elles i landet, og er opptatt av å skape arenaer for samhandling og fellesskap blant stipendiatane.

Metodeforum
Lytting og tilbakemeldingar er ein viktig del av Metodeforum. Her frå ei av dei første samlingane i forumet.

Og nettopp ein slik arena er Metodeforum – eit forum der stipendiatane frå helse og sosialfag frå høgskulane i Volda og Molde møtast fire gangar i året over to dagar. Normalt sett er forumet med fysisk oppmøte og annakvar gong i Volda og Molde. 

Stipendiatane legg her fram prosjekta sine når dei er heilt i startfasen og får respons frå både fagtilsette og andre stipendiatar. Midtvegs i doktorgradsløpet får dei ei eiga vurdering som ein del av forumet, der det blir lagt vekt på kva som ser bra ut og kva ein må justere for å få kome i mål på normert tid. Det er også lagt stor vekt på å knyte kontaktar og lære av og kome med innspel til kvarandre sine prosjekt, og for framtida skape samarbeid.

Tek rettleiing på alvor

Under kvart Metodeforum samlast rettleiarane for å ha sin eigen sesjon.

Kjartan Leer-Salvesen

– Det er for å diskutere og utvikle oss. Vi jobbar med korleis vi kan rettleie på best mogleg måte. Eit godt forhold mellom rettleiar og kandidat har vist seg å vere ein av dei viktigaste suksessfaktorane for eit godt doktorgradsarbeid, og difor tek vi dette på alvor, seier Leer-Salvesen.

Kvar samling har sitt eige tema. Når dei no samlast 29. og 30. september – denne gangen digitalt, som det også var i mai – er temaet nettopp rettleiing. 

Ønsker miks av fysisk og digitalt

Ved fysiske samlingar blir tid til sosial omgang prioritert. Deltakarane bruker å ete middag ilag for å verte betre kjent, noko som også kan gjere det faglege samarbeidet enklare. No er heile forumsamlinga flytta til Zoom.

– Vi skal ha ein del parallelle sesjonar, og det er like så lett å få til digitalt. Samstundes er det også enklare å få samla så mange som mogleg når det er digitalt. Men ein mistar så klart mykje av den sosiale delen, så det ønskelege hadde vore om ein hadde klart å kombinere fysiske og digitale samlingar, meiner leiar for Metodeforum, Leer-Salvesen.
 

Del på