Mangfaldig forsking i emning i Volda: Fem kan få millionstøtte
Rekneferdigheiter, dialekt, lærarutdanning, folkehelse og museumsforsking. Dette er stikkorda for fem spennande søknader frå HVO-forskarar til Forskingsrådet om midlar til nye prosjekt. – Gledeleg med god ettervekst av ny forsking ved høgskulen, seier rektor Tonheim.

F.v.: HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, førsteamanuensis Ola Teige, professor Kjetil Høydal, førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand, førsteamanuensis Oda Bolstad, forskingssjef Henriette Hafsaas og Sunniva Hagen, rådgivar i Forskingsadministrasjonen ved HVO. (Førsteamanuensis Jade Sandstedt var ikkje til stades under fotograferinga.)
– Tusen takk for innsatsen med søknadene til Forskingsrådet. De har gjort ein super jobb, og dette er faktisk ny HVO-rekord i antal søknader til éin enkelt frist!
Smilande deler rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og forskingssjef Henriette Hafsaas ut blomar for godt søknadsarbeid til håpefulle forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO).
Denne månaden har nemleg fem forskarar lagt ned ein solid innsats i å utforme kvar sin omfattande søknad om forskingsstøtte frå Noregs forskingsråd (NFR).
No kryssar dei fingrane for å nå opp i den tøffe konkurransen om NFR-støtte. Får dei tilslag, kan dei realisere forskingsprosjekta dei brenn for.
Syner lovande takter for framtida
– Det er gledeleg å sjå at mange forskjellige forskingsmiljø ved høgskulen har jobba godt og målretta med ambisiøse søknader om støtte til forskingsprosjekt. Dette viser at HVO har både breidde og spisskompetanse til å satse i forskingsfronten, seier rektor Tonheim.
To av dei ferske NFR-søknadene frå HVO gjeld forskarprosjekt for tidleg karriere innanfor temaet forsking for og om utdanningssektoren. Dei tre andre søknadene gjeld samarbeidsprosjekt innanfor tre ulike tema. Det er søkt om mellom 6 og 16 millionar kroner i støtte per prosjekt.
Forskingsadministrasjonen ved HVO har i dei seinare åra jobba med å profesjonalisere støtta til forskarar som skal søkje om eksterne forskingsmidlar.
– Vi håpar dette vil bidra til å realisere fleire forskingsprosjekt og gjere Høgskulen i Volda til ein god stad å byggje opp forskarkarrieren sin, seier forskingssjef Hafsaas.
Framover har både ho og rektor fleire grunnar til å smile: I tillegg til desse fem søknadene blir det no jobba ivrig med fleire søknader til NFR om friprosjektstøtte (støtte utan fast søknadsfrist).
– Vi har mange tilsette ved høgskulen no som arbeider godt med å auke forskingsaktiviteten vår, også gjennom strategiske samarbeid med eksterne partnarar. Dette er avgjerande for at HVO skal innta den akademiske posisjonen vi tek mål av oss å ha, seier rektor Tonheim.
Men kva skal det forskast på?

To søkjer støtte tidleg i forskarkarrieren
Førsteamanuensis Jade Sandstedt ved Institutt for språk og litteratur har søkt om støtte til eit forskarprosjekt for tidleg karriere. I dette prosjektet vil Sandstedt bruke ein kombinasjon av EEG og augesporing i leseeksperiment for å undersøkje korleis hjernen tilpassar seg eksponering for fleire munnlege og skriftlege dialektvarietetar, og korleis slik eksponering påverkar leseferdigheiter.
Det andre forskarprosjektet for tidleg karriere er sendt inn av førsteamanuensis Oda Bolstad ved Institutt for realfag. Føremålet med prosjektet hennar er å utvikle den sosionumeriske kompetansen til barn og unge.
Desse to søknadene konkurrerer med 47 andre søkjarar.
Vi tok ein prat med Oda Bolstad for å høyre litt meir om prosjektet hennar. For kva betyr eigentleg «sosionumerisk»?
Vil forske på korleis barn og unge kan bli flinkare med tal
– Det handlar om å forstå og bruke informasjon framstilt mellom anna gjennom tal, grafar og data, altså den matematiske kompetansen du treng for å fungere i samfunnet, forklarer Bolstad.
Bakgrunnen for valet av forskingstema er at ein del ungdommar slit med å forstå den numeriske informasjonen dei møter i samfunnet, fortel Bolstad, og dette viser att både på nasjonale prøver i rekning og PISA-resultat.
– Det er ein føresetnad for å meistre mange område i livet at du har ein viss numerisk kompetanse, anten det gjeld helse, økonomi eller demokratisk deltaking.
Har det skjedd noko med den norske matematikkundervisninga som gjer oss dårlegare i rekning?
– Kanskje det er omvendt: Det har ikkje skjedd nok med matematikkfaget samanlikna med endringane i samfunnet, som i dag stiller andre krav til kompetansar enn tidlegare.
I prosjektet ønskjer Bolstad å prøve ut ulike lærarpraksisar og sjå på normene i klasserommet.
– Gjennom forsking veit vi allereie ein del om kva oppgåvetypar som verkar. Men det er ikkje automatikk i at ei oppgåva fungerer etter intensjonen. I dette prosjektet vil vi sjå på korleis ein jobbar med oppgåver i klasserommet, og finne ut meir om læraren sin praksis og korleis elevane arbeider i matematikkfaget.
Kva vil det bety for deg om du får tilslag på søknaden din?
– Det er jo ei kjempemoglegheit for meg. Ein søkjer fordi ein ser eit problem som ein verkeleg ønskjer å fordjupe seg i og prøve å finne ei løysing på. I tillegg er det jo viktig å få forskingserfaringa og få etablert seg i forskingsmiljøet på feltet sitt og bidra til å utvikle det vidare, seier Bolstad, som er del av eit veksande forskingsmiljø innan matematikkdidaktikk ved Høgskulen i Volda.

Tre samarbeidsprosjekt frå tre ulike hjørne av høgskulen
Dei tre samarbeidsprosjekta konkurrerer med heile 533 andre søknader på ulike tematiske felt. Samarbeidspartnarane i HVO-søknadene er både lokale, regionale, nasjonale og nordiske, og tre av fire avdelingar ved høgskulen er representerte med kvar sin søknad.
Førsteamanuensis Ola Teige ved Historisk institutt er prosjektleiar for ein søknad (i samarbeid med Viti) under temaet styrking av forsking, forskingskompetanse og samarbeid om FoU-oppgåver i museum. Føremålet er å få ny kunnskap om moderniseringsprosessen i Noreg gjennom bygging av maritim infrastruktur.
Professor Kjetil Høydal ved Institutt for idrett og friluftsliv har søkt om støtte til forsking på helsefremjande og førebyggjande tiltak, behandling og tenester for utsette befolkningsgrupper. Prosjektet har som føremål å betre behandlinga for deprimerte pasientar og styrkje folkehelsa gjennom førebyggjande livsstilspraksisar i form av termoterapi og trening.
Førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand ved Institutt for språk og litteratur er leiar for ei gruppe HVO-forskarar som søkjer forskingsstøtte innanfor temaet forsking ved lærarutdanningane. Føremålet med prosjektet er å styrkje den munnlege kompetansen til elevar gjennom å teste effekten av ein modell for undervisning i og vurdering av munnlege ferdigheiter.
– No ønskjer vi alle dei fem forskarane masse lykke til med søknadene til Forskingsrådet, og vi gler oss til å sjå kva framtida bringar for desse spennande prosjekta, avsluttar rektor Tonheim.