Ny bok viser Jane Austen i Sunnmørsfjella

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Den engelske forfattaren Jane Austen, som levde for 200 år sidan, kom nok aldri til Ørsta eller Volda, og sat aldri i sida på Helgehornet og såg utover Hovdevatnet. Likevel er det slik ho framstår på framsida av ei ny bok av professor Marie Nedregotten Sørbø ved Høgskulen i Volda. Og boka handlar om korleis Jane Austen sine romanar kom til Norge i form av norske omsettingar.

I alt sju ulike omsettarar har prøvd seg på å forme desse romanane i norsk språkdrakt over om lag 130 år. Den første norske omsettinga kom som føljetong i Morgenbladet i 1870, den førebels siste kom i 2003. Ein av romanane har vore omsett heile fem gonger, medan ein annan aldri har vore omsett. Ikkje minst har Merete Alfsen gjort ein stor innsats som omsettar av fem av bøkene til Austen for Aschehoug.

Professor Sørbø granskar dei ulike måtane ulike omsettarar vel å omsette same fortelling, og korleis dette avslører ulik oppfatning av kven forfattaren var. Jane Austen blir ofte omforma gjennom omsetting, slik at bøkene passar inn i det biletet ein har av henne til ulike tider. I 1930 ynskte til dømes omsettaren mindre fokus på kjensleliv,  medan eit par seinare kollegaer ynskte tvert imot å forsterke dette. Ein omsettar, som sjølv var forfattar av underhaldningslitteratur, innførte banning i Austen sine dialogar for at mennene skulle framstå litt tøffare.

Når ein ser nærare etter, finn ein mange slike opplysande og underhaldande eksempel. Ei slik samanlikning av originaltekst og omsetting gir eit svært godt innblikk i den aktuelle forfattarskapen, men også i dei krevjande utfordringane omsettingsfaget byr på. På det beste er det omsettingskunst, på det verste er det sensur og forflating.

Boka er skriven på engelsk, men med rikhaldige norske eksempel frå romanane. Boka eignar seg godt for dei som studererer litterær omsetting, og for dei som er interessert i korleis Jane Austen sine bøker er blitt brukt i Norge. Ho kom kanskje ikkje til Ørsta, men på eit vis sit ho likevel i eit norsk landskap.

Del på