Gjennomført over 430 eksamenar

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Mandag 17. juni var siste eksamensdato for vårsemesteret ved Høgskulen i Volda – noko som vart slutten for rundt 430 eksamenar i ulike former dette semesteret. 

Med det har Høgskulen i Volda (HVO) igjen takka av ei rekke studentar som har fullført utdanninga si ved HVO. Desse kan no ta steget ut i arbeidslivet med nyvunnen kompetanse og mange nye moglegheiter. Vi ønsker alle lykke til!

Mange av dei som er ferdig eksamen for dette studieåret, vil vi også sjå igjen på høgskulen til hausten. Det blir stas!

Sjå bileta frå nokre av avslutningane dette semesteret:


Vi ved Høgskulen i Volda ser no fram mot eit nytt semester, med forvetningar om å ønske både nye og "gamle" studentar velkomen til eit nytt kapittel i si akademiske reise.

Gratulerer til alle studentar med vel gjennomført semester, og for deg som no er ferdig – vi ønsker deg lykke til og det beste for framtida!

Del på