Ny ph.d. er i gang i Volda – første emnet kan fleire ta
HVOs andre doktorgradsprogram er i gang. «Utdanning, språk og kultur» er det aller første emnet i den nye ph.d.-graden med same namn, og no kan også eksterne søkje plass på innføringsemnet.

Mange gode krefter bidreg i HVOs nye ph.d.-program i utdanning, språk og kultur. Frå venstre: Professor Per Halse er programansvarleg, professor Marie Nedregotten Sørbø er emneansvarleg, og førsteamanuensis Stein Conradsen og professor Jonas Gamborg Lillebø er mellom dei som underviser i innføringsemnet.
Våren 2025 er det «premiere» på ph.d.-tilbodet Utdanning, språk og kultur ved Høgskulen i Volda (HVO). Som HVOs første doktorgradsprogram i humanistiske fag og utdanningsvitskap har denne forskarutdanninga vore omtalt som ein milepåle og strategisk avgjerande for høgskulen si framtid.
Dette er den andre forskarutdanninga i Volda etter samarbeidsgraden HVO har hatt i helse- og sosialfag med Høgskolen i Molde sidan 2015.
Dei aller første stipendiatane i det nye ph.d.-programmet er på plass, og i april startar det første doktorgradsemnet på programmet. Emnet er på sju studiepoeng og heiter «Utdanning, språk og kultur (ph.d.-emne)».
Interesserer du deg for forskingsområdet utan å vere mellom dei nye HVO-stipendiatane, har du likevel moglegheit: Også eksterne kan nemleg søkje plass på dette innføringsemnet fram til 28. februar.
- Du kan søkje på emnet her.
- Vil du utforske faglitteraturen i emnet? Her kan du sjå pensumlista.
Mange kan vere aktuelle for dei tjue studieplassane
Dette tverrfaglege innføringsemnet byggjer på lange opplysingstradisjonar, lokal utdanningshistorie og forsking på skriftkultur og lese- og skrivekunne. Heile emneplanen kan du lese her: DRUSK901 Utdanning, språk og kultur.
Det er tjue tilgjengelege studieplassar på emnet, og opptakskriteria fordeler seg slik:
- 1. prioritet: kandidatar i ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur»
- 2. prioritet: kandidatar i andre ph.d.-program
- 3. prioritet: andre tilsette ved Høgskulen i Volda
- 4. prioritet: andre eksterne (etter vurdering av emneansvarleg)
Tradisjonar møter kritiske perspektiv
Engelskprofessor Marie Nedregotten Sørbø er emneansvarleg og kan fortelje litt meir om det som blir startskotet for den tverrfaglege forskarutdanninga i Volda:
– Dette profilemnet blir ikkje litt om utdanning, litt om språk og litt om kultur. I staden skal det handle om det som bind oss saman som humanistiske forskingstradisjonar, og kva utfordringar vi møter.
Undervisninga er samlingsbasert, med to fysiske samlingar i Volda i veke 18 (28.–30. april) og veke 25 (16.–18. juni).
– Emnet arbeider særleg med grunnlagstenking for alle desse fagområda, og det har ei tverrfagleg tilnærming. Dessutan vil eit gjennomgåande tema i begge samlingane vere spenninga mellom kulturelt minne og kulturell makt, der tradisjonar møter kritiske perspektiv, utdjupar professoren.
Hentar undervisningskrefter frå mange fagmiljø
Dei som får ein av studieplassane på emnet, møter eit stort og spennande team av undervisarar med Nedregotten Sørbø i spissen.
– Eg har fått med meg eit breitt utval særs gode kollegaer. Til saman blir vi åtte førelesarar frå dei fem faga engelsk, historie, norsk, pedagogikk og religion. Dette lovar godt for eit emne som er relevant for kandidatar og søkjarar frå mest alle fag ved HVO eller tilsvarande utdanning frå andre institusjonar.
Innføringsemnet er første steg i eit heilskapleg program, og seinare emne vil byggje vidare på det som blir gjennomgått i dette emnet.