På sporet av «kreativ wellbeing»
Kan kreativitet og livskvalitet vere nøkkelen til å skape meir berekraftige liv? Volda-forskarar går i djupna på framtidsferdigheiter i ei ny bok.
– Kreativitet er ei ferdigheit som heile samfunnet treng, og som er kjempeviktig. Det viser all forskinga vi har gjennomgått. Men spørsmålet er korleis vi skal forstå konseptet kreativitet.
Orda tilhøyrer professor i friluftsliv Helga S. Løvoll ved Høgskulen i Volda (HVO). Ho fortel om arbeidet bak ei fersk vitskapleg bok (Routledge, 2025) som handlar om å utforske kreativitet og livskvalitet som ei samansett framtidsferdigheit i kontekst av natur, kultur og berekraft.
Løvoll har redigert boka saman med HVO-kollega og teaterprofessor Wenche Torrissen. Ordet «wellbeing» i overskrifta skal vi kome tilbake til.
Boka inneheld både teoretisk, konseptuell utforsking og empiriske pilotprosjekt som set kreativitet og livskvalitet i ulike perspektiv. Gjennom forskjellige metodiske inngangar utforskar artiklane alt frå joik, teateroppleving og turgåing til personleg vekst i skulen, sosialt arbeid og ungdom i utanforskap på seglas.
Ferdigheitene vi treng i framtida
Bakgrunnen for utgivinga er ei satsing på framtidsferdigheiter, som var eit av måla som Kunnskapsdepartementet i 2021 ønskte at Høgskulen i Volda skulle levere på. Avdeling for kulturfag, som begge redaktørane er knytte til, fekk utfordringa med å dykke ned i eit forskingsfelt med mykje upløgd mark.
Dette med «framtidsferdigheiter» skal vi forklare litt. Forskarane ser på det i vid forstand. Det er ferdigheiter som gir moglegheiter for sjølvutvikling, livslang læring og det å tilpasse seg ei skiftande verkelegheit, og det inneber å ha mål om å byggje eit betre samfunn og lykkast i livet og i arbeid.
– Vi begynte arbeidet med framtidsferdigheiter ved å utvikle to kunnskapsoversikter for å samle forskinga som allereie fanst på feltet, forklarer Løvoll.
Kort fortalt ville dei først sjå korleis dei ulike faga i skulen støttar barn til å bli heile menneske.
– Her såg vi kjempestore hol i kunnskapen om praktisk-estetiske fag. Det var veldig tynt med forsking, så derfor gjekk vi laus på ei ny kunnskapsoversikt, der vi gjorde ei omgrepsanalyse av all forsking på framtidsferdigheiter på tvers av alle sektorar, ikkje berre innan utdanning.
Det var her Volda-forskarane fann eit eintydig resultat på topp: Kreativitet som ferdigheit var nemnt i alle samanhengar. Då melde spørsmåla seg om kva kreativitet eigentleg er for eit slags konsept.
Eit ukjent omgrep gjorde susen
– Det blir for snevert å sjå på kreativitet isolert sett – vi må få ei heilskapleg forståing av kreativiteten vi treng for framtida, og både hovud, hjarte og kropp må vere med.
Professoren legg ikkje skjul på at temaet kan vere uhandgripeleg, men kompleksiteten losna litt då forskarane kom over omgrepet creative wellbeing. På norsk bruker dei omgrepet kreativ wellbeing, då dei (til liks med Helsedirektoratet) ikkje har funne ei dekkjande nok omsetjing av «wellbeing» – men kreativitet og livskvalitet kan fungere som ei forenkla beskriving.
– I creative wellbeing var det noko som var interessant å nøste i, så vi tok fatt i dette omgrepet som ein slags essens av framtidsferdigheiter. Omgrepet var brukt litt før her og der, men definisjonane var vage.
Slik begynte nokre år med utfordrande nybrottsarbeid i forskingsgruppa Creative wellbeing ved HVO.
– Vi fann ut at verda treng ei bok som går i djupna på kva dette med kreativitet og livskvalitet faktisk kan vere som konsept, og korleis ein gjennom praksisfeltet kan leggje til rette for det som framtidsferdigheit – ikkje berre i skulen, men heile samfunnet, fortel Løvoll, og kommenterer med eit smil at forskarane er «ein ambisiøs gjeng».
Kvalitetane som må høyre til fleire enn eliten
No er eit handfast resultat av arbeidet samla mellom to permar: ei bok med forskingsartiklar frå mellom anna elleve HVO-forfattarar gitt ut på eit internasjonalt forlag på høgaste kvalitetsnivå.
Framtidsferdigheiter, kvifor er det viktig å forske på?
– Vi søkjer jo å leve i eit framtidig samfunn som foreinar økologisk, økonomisk og sosial berekraft. Det er målet, og vi klarer nok ikkje å løyse alt på éin gong med omgrepet kreativ wellbeing, men vi kjem eit stykke på veg, seier Løvoll.
Særleg vil professoren i friluftsliv trekkje fram sosial berekraft og korleis ein kan tenkje natur, kunst og kultur inn i det å ha eit godt liv.
– Ei kjempeutfordring i dag er at ein kulturell og økonomisk elite har mykje større tilgang til natur- og kulturopplevingar enn andre. Det er ein klasseforskjell i samfunnet som ikkje er sosialt berekraftig, og vi kan gjere mykje ved å integrere ei ny tenking på alle samfunnsnivå. Dei som treng mest å få gode natur-, kunst- og kulturopplevingar, er kanskje først og fremst dei som ikkje finn fram dit på eiga hand.
Derfor har forfattarane konsentrert seg om å utforske tilbod og problemstillingar knytte til utsette grupper.
– Det vi skriv om, er allmenngyldige ting, men vi ønskjer å få fram historiene for grupper som i utgangspunktet ikkje har dei same tilgjengelege ressursane, og sjå kva som skjer der. Særleg i personleg vekst er det enormt potensial knytt til det å kunne fylle livet med opplevingar av natur, kunst og kultur – verdiar som ikkje handlar om det materielle, men dei kapasitetane vi har som menneske til å utvikle oss og søkje ei mykje djupare form for lykke, understrekar Løvoll.
Vil pushe forskingsfronten
I arbeidet med å fange den konseptuelle essensen av kreativitet og livskvalitet skapte forskarane eit teoretisk rammeverk som inngang til dei empiriske bidraga.
– Vi plasserte oss med éin gong i ei filosofisk forståing av livskvalitet der vi ikkje søkjer etter forenkla lykkeførestillingar med behag utan motstand. Personleg vekst ligg heilt sentralt for vår forståing av livskvalitet, og vi lenar oss både på positiv psykologi og konsept som Aristoteles’ eudaimonia.
Forfattarane har ei brei og tverrfagleg tilnærming, og metodikken spenner frå etnografi og observasjon til intervju og kombinerte metodar. Løvoll synest det er spennande at forlaget har plassert utgivinga til Volda-forskarane i bokserien «Explorations in Mental Health».
– I eit psykologisk perspektiv er natur og kunstopplevingar relativt nyleg oppdaga som heilt sentrale faktorar for livskvalitet. Tidlegare har ein hatt eit meir individuelt perspektiv på kva ein må gjere for å få det betre. Men det at vi no får på plass desse støttestrukturane rundt natur, kunst og spiritualitet, er eit behov som blir støtta av sterke forskingsmiljø. Vi meiner derfor at vi tilfører noko viktig her.
Kven håpar de får lese boka de har skrive?
– Først og fremst er målgruppa masterstudentar og forskarar på doktorgradsnivå. Men vi håpar at ein del av historiene vi presenterer, også er tilgjengelege for andre – vi har ein ambisjon om å pushe forskingsfronten på dette feltet. Det konseptuelle bidraget vårt er i stor grad å lære av praksiserfaringar og setje det inn i eit teoretisk univers.
Arbeidet til forskarane stoppar ikkje med utgivinga. No vil dei bruke og dele den ferske, internasjonale kunnskapen frå Volda, og på teiknebordet er mellom anna seminar om framtidsferdigheiter.
– Forhåpentlegvis kan dette synleggjere kompetansen vi har her i Volda på dette nye feltet, til dømes overfor næringslivet, og bidra til at vi får denne kunnskapen med oss inn i utdanningane – dette tenkjer eg er eit naturleg steg, avsluttar professor og redaktør Helga Synnevåg Løvoll.